Hopp til innhold

– Maken til historie kjenner vi ikkje til

Kor mykje har du vore borte frå jobb dei siste åra? Mest truleg ikkje så lite som dei tilsette ved Tine Meieriet i Setesdal.

Tine Meieriet Setesdal

LÅGAST I LANDET: Sjå reportasje frå bedrifta med minst sjukefråvær i heile landet.

Dei ti tilsette hos bedrifta er så å seie aldri borte frå jobb. Sjukefråværet har vore på under ein prosent i mange år.

I 2015 kunne dei skilte med eit sjukefråvær på berre 0,17 prosent.

Til samanlikning var det generelle sjukefråværet i Noreg i 2014 på 7,1 prosent ifølgje NHO.

14 år sidan førre skade

På veggen i meieriet heng eit teljeapparat som lyser med raud skrift antal dagar sidan sist skade. 5100 dagar. Eller 14 år, om du vil.

Tor Kåre Helland

SAMHALD: Meierisjef Tor Kåre Helland trur gjensidig avhengigheit har mykje å seie for det låge fråværet.

Foto: Håkon Eliassen / NRK
Siri Mathisen

IMPONERT: Direktør i NHO Agder, Siri Mathisen, er særs imponert over tala frå Tine Meieriet Setesdal.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Det meiner meierisjef Tor Kåre Helland er noko av grunnen til at sjukefråværet er så lågt. I tillegg til eit godt arbeidsmiljø.

– Folk passar på og hjelper kvarandre, alle blir sett. Vi er veldig avhengig av at alle er på jobb heile tida for at vi skal få gjennom produksjonen.

Tilsett Arnt Tore Gautestad har ei noko anna forklaring på det låge sjukefråværet.

– Det er ein stor andel honndølar her, det kan jo vere det. Vi er jo eit hardbarka folk, seier han om sambygdingane frå Hornnes.

– Finst ikkje liknande

Direktør i NHO Agder, Siri Mathisen, er imponert over tala.

– Maken til historie kjenner vi faktisk ikkje til. Eit så lågt skadenivå, og ikkje minst eit så utruleg lågt sjukefråvær over ei så lang tidsperiode finst ikkje.

Ingunn Foss frå Stortingets næringskomite trur meieriet i Setesdal har funne sukessoppskrifta.

– Folk her er veldig stolte av arbeidsplassen sin, tek vare på den og vil helst vere her. Det er klart at den oppskrifta kan brukast på alle arbeidsplassar.

Fråværsprosent Tine Meieriet Setesdal, 1998 - 2015

År

Fråværsprosent

1998

0,1 %

1999

2,4 %

2000

1,1 %

2001

7,0 %

2002

8,0 %

2003

1,35 %

2004

1,5 %

2005

1,34 %

2006

0,48 %

2007

0,67 %

2008

0,38 %

2009

0,73 %

2010

0,27 %

2011

4,31 %

2012

3,09 %

2013

0,50 %

2014

0,26 %

2015

0,17 %

Ekspander/minimer faktaboks
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %