Hopp til innhold

Vipers jaktar stjernespelarar: – Det er ikkje lett

Vipers Kristiansand jobbar hardt for å signere nye spelarar, men vedgår at det er tøft å få tak i spelarar av høgste kvalitet.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sportsleg leiar i Vipers Kristiansand Peder Langfeldt vedgår at det er utfordrande å hente spelarar frå øvste hylle.

– Det er ikkje så lett i med tanke på at marknaden er knallhard i forhold til høge lønningar i Aust-Europa og Balkan, seier sportsleg leiar Peder Langfeldt til NRK.

I desember i fjor skreiv tidlegare landslagssjef Gunnar Pettersen under ei intensjonsavtale om å bli ny trenar i klubben. For at Pettersen skal skrive under må Vipers hente inn spelarar som dei har førespegla han.

Droppar pengekåte spelarar

Dei som går etter pengar kjem ikkje til Vipers

Sportsleg leiar Peder Langfeldt

Klubben har allereie fått nei frå landslagsspelar Tonje Nøstvold.

Langfeldt stadfestar overfor NRK at klubben er i samtaler med fleire spelarar. Samstundes vedgår han at det er utfordrande å sikre spelarar frå øvste hylle.

– Dei som går etter pengar kjem ikkje til Vipers. Men dei som ynskjer å utvikle seg til å bli veldig gode handballspelarar håpar vi å kunne vere med å kjempe om, seier han.

Måndag skreiv strekspelaren Susann Iren Hall under ei ny to års kontrakt med Vipers Kristiansand. I januar forlenga danske Annette Jensen si kontrakt.

Jaktar over heile Europa

No held jakta på nye signeringar fram.

– Vi jobbar i alle leiarar og jobbar med eit stort kontaktnett i heile Europa. Dessverre er det ikkje så mange svært gode spelarar ledig. Det er ein kamp om dei beste spelarane, seier Langfeldt.

Parallelt jobbar klubben med å styrkje seg økonomisk for å få råd til dei beste spelarane.

– Dei spring som gale på kontoret for tida. Det går veldig bra etter dei signala eg har fått. Det verkar veldig positivt, seier han.

Susann Iren Hall og Peder Langfeldt

Susann Iren Hall skreiv under ny kontrakt med Vipers måndag.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %