– Agder må belage seg på mykje nedbør særleg torsdag og fredag. Når dette kjem som snø kan det bli opp mot ein meter snø i løpet av 2-3 dagar, seier statsmeteorolog Bente Wahl til NRK.
Måndag kveld sto over 100 vogntog fast på E39 mellom Mandal og Søgne på grunn av snøkaos. Fleire vogntog sperra vegen i fleire timar.
– Det blir plussgrader langs kysten, men du skal ikkje langt inn i landet før det er minusgrader, seier statsmeteorologen.
Statsmeteorologen åtvarar også mot at det kan bli vanskelege køyreforhold som følgje av snøvêret.
– Det bles litt og då blir det fort føyke og dårleg sikt. Det blir også fort glatt når denne snøen blir polert, seier Bente Wahl.