HUGSAR IKKJE: Den sikta 21-åringen hevdar han ikkje hugsar noko frå sjølve drapshandlinga natt til torsdag.
Foto: Anne Torhild Nilsen / NRK
– Hugsar ingenting frå drapet
Forsvararen til den drapssikta 21-åringen i Mandal seier at mannen ikkje kan hugse noko frå sjølve drapet. Men mannen erkjenner at han står bak drapet.
– Når det gjeld sjølve knivstikkinga hugsar han ikkje noko av det. Han hugsar kva som har skjedd før og kva som har skjedd rett etter. Men han har total blackout frå tidsrommet der det fatale skjer, seier advokat Sveinung Søndervik Johnsen til NRK.no.
– Det er kort og godt, som han seier, slik gjer ein berre ikkje. Han er sterkt nedbroten og forstår eigentleg ingenting, seier advokaten.
– Kjenner du til at det har vore ei konflikt i forkant av drapshandlinga?
– Det har vore noko som har skjedd før drapshandlinga. Men det som skjedde før drapshandlinga var likevel ikkje slik at det skulle utløyse det som seinare skjedde, seier Søndervik Johnsen.
Var rusa
På ein pressekonferanse torsdag føremiddag fortalde politiet at det hadde vore ein krangel i forkant av drapet. Etter krangelen skal 21-åringen ha gått til angrep på offeret, som opphavleg er frå Kroatia.
– Sikta har vore rusa. Også vitne har vore rusa i ulik grad. Det er ikkje kjent for oss om det er nokon spesiell relasjon mellom offer og sikta, sa politiadvokat Terje Kaddeberg Skaar til NRK.no torsdag.
– Eg kan stadfeste at det har skjedd noko før sjølve drapshandlinga, utan at eg vil gå nærare inn på det. Men det var ikkje min klient som starta det. I byrjinga var han heller ikkje nokon aktiv deltakar i det, seier forsvararen til den sikta 21-åringen.
Vitne melde ifrå
Politiet var varsla om drapet i halv firetida natt til torsdag. Det var vitne i leilegheita som melde ifrå. Det vart straks sett i verk livreddande arbeid, men ein time seinare var han erklært død på staden.
Den drepne 21-åringen var kjent av politiet som rusmisbrukar.
I løpet av torsdag vart fleire vitne avhøyrt i saka. I tillegg jobba krimteknikarar frå politiet intenst med å sikre spor i heile går.
– EKKELT: Lokalbefolkninga i Mandal tykkjer det er ekkelt med to knivdrap på eit drygt år.