Hopp til innhold

Tine Sundtofts ektemann: – Eg er utruleg stolt av henne

John Ånon Jonassen er stolt over det kona Tine Sundtoft har oppnådd gjennom arbeidet med Parisavtalen. – Dette er ein historisk augneblink, seier han.

John Ånon Jonassen

Mannen til Tine Sundtoft er stolt over jobben kona gjer. Når ho er på reisefot tyr dei til lukka grupper på Facebook for å kommunisere.

Foto: Svein Sunsdal / NRK

Ho har avbrote feriar for å dra i forhandlingar, dratt frå 17. mai-frukosten til fordel for EU og arbeida mot Paris-avtalen i årevis.

Men no har klima- og miljøminister Tine Sundtoft blitt historisk, og det er mannen hennar stolt av.

– Det er ein stor augneblink både for familien, og for Tine spesielt. Vi veit kor mykje innsats Tine har lagt ned i dette, og kor mykje motstand og kritikk som har kome undervegs. Så dette er definitivt ein siger.

John Ånon Jonassen er gift og har to born saman med Sundtoft. Han meiner arbeidet har vore ein siger for kona.

– Det har definitivt sat klimaminister Tine Sundtoft inn i historiebøkene. Så dette er absolutt ein historisk augneblink.

SMS til statsministeren

Paris-avtalen er den første klimaavtalen som slår fast at alle land i verda skal bidra til å redusere utsleppa i klimagassar.

Sundtoft sjølv fortel til NRK at dei siste nettene i Paris sat dei i møter til klokka 06 om morgonen. Tallause timar har blitt brukt for å førebue seg til dette møtet.

– Eg er sliten, men lukkeleg. Det å kunne sende ein SMS til statsministeren laurdag kveld med «Done deal. Stor applaus» var heilt fantastisk.

Sundtoft seier dette er eit vendepunkt for verdas måte å jobbe med klima på.

– Eg trur ikkje eg tek for hardt i når eg seier at det var ein historisk augneblink eg hadde moglegheita til å vere med på på laurdag.

– Ho har blitt akseptert internasjonalt

Medan kona forhandlar med verdstoppar, sit mannen og familien i Lillesand og passar fortet. Og han er nøgd med å vere gift med ei dame som Sundtoft.

– Det er veldig tilfredsstillande det. Det drypper ikkje veldig mykje ekstra på familien sånn sett. Vi held fortet heime i Lillesand, og prøver å leve vårt liv heilt normalt. Så får Tine ta seg av dei store arenaene.

Han er stolt over at kona har fått ei meir framtredande rolle, også internasjonalt.

– Gjennom forhandlingane både i Lima og i Paris har ho fått ei veldig spissa rolle, leia forhandlingsgrupper og anna, og det er eit teikn på at ho har blitt akseptert internasjonalt.

Tine Suntoft intervjues i Dagsrevyen etter den historiske klimaavtalen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %