Hopp til innhold

– Håper andre lærer av våre feil

Valle kommune arrangerer kurs på staden der ein kameratgjeng utløyste eit snøskred tysdag. – Det er behov for opplæring, seier leiar i fjellredningsgruppe.

Snøskred

Tysdag utløyste sju snøskuterførarar eit hundre meter breitt snøskred aust for Valle sentrum. Dette er ein av snøskuterane som vart tekne av skredet.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Det gjekk mange tankar gjennom hovudet mitt då eg sto oppe i lia og såg heile fjellsida kome mot oss.

Terje Smith Homme

Terje Smith Homme var ein av dei sju mennene i 20-åra som tysdag var involvert i eit snøskred i Valle.

Foto: Privat

Det seier 21 år gamle Terje Smith Homme.

Tysdag var han og seks kameratar involvert i eit snøskred i Valle kommune i Aust-Agder.

Flaks ikkje liv gjekk tapt

Kameratgjengen køyrde ulovleg utanfor løypa, då ein av dei køyrde i eit område som ikkje var trygt.

Dette førte til eit 100 meter breitt snøskred, som gjekk omtrent 300 meter ned i lia. Han som utløyste det vart dekt av dei enorme snømengdene.

– Det var ei frykt for at han hadde omkomme då vi såg den store snømassen som hadde kome.

Politiet som var på staden uttalte at det var tilfeldigheiter som gjorde at ikkje liv gjekk tapt.

Føraren som utløyset skredet låg under snøven i nærare tjue minutt, og hadde ein kroppstemperatur på 33 grader då legepersonell fekk tatt hand om han.

– Behov for opplæring

Førstkomande søndag skal politiet, Valle fjellredning og Hylestad snøscooterklubb arrangere ei samling på ulykkesstaden.

– Det er eit behov for å drive litt opplæring og bevisstgjering om kor farleg det kan vere, fortel Jostein Rysstad, leiar i fjellredningsgruppa.

Det vil bli gitt opplæring på blant anna søkjestenger, overflatesøk, korleis eit skred blir utløyst og kva skadar ein kan få av det, ifølgje Rysstad.

– Dette er noko alle, uavhengig om du ferdast med snøskuter eller ski, bør kunne.

– Håper andre kan lære

Homme håper andre kan ta lærdom av feilen kameratgjengen gjorde.

– Eg håper ingen andre kjem til å køyre opp den same plassen meir, og at mange møter opp på skredkurset på søndag, så dei kan lære litt om det.

Han seier at også folk som driv med ski må vere bevisste på farane ved eit skred.

– Lærdomen eg kjem til å ta med meg vidare er først og fremst at alle må ha skredsøkjar på seg. Og så bør ein sjekke forholda, om det er rasfare, sjå korleis det er i terrenget og bli litt betre kjend med plassane ein køyrer.

– Som å køyre litt for fort

Sjølv om det var dramatisk då dei stod midt i det, gjekk det bra med alle i kameratgjengen frå Valle. Han som utløyste skredet vart skrive ut frå sjukehus onsdag.

Lensmann i Bykle og Valle, Dag Hovden, opplyser til NRK at alle sju har forklart seg for politiet, og vedgått ulovleg køyring.

Samtlege har sagt dei vil godta eit førelegg.

– Saka er i nedre skala av alvorlegheit. Det er ikkje gjort skade, og det er ikkje eit spesielt sårbart område. Det kan samanliknast med ein trafikkforseelse.

Det fortel Hovden, utan at han kan seie noko nærare om kor mykje dei sju etter kvart må betale for å gjere opp for seg.

Dag Hovden

Lensmann i Bykle og Valle, Dag Hovden, seier saka er i nedre skala av alvorlegheit.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %