Hopp til innhold

Nokas-dømde Erling Havnå: – Vil ikkje ut av fengsel enno

I januar neste år kan Nokas-dømde Erling Havnå søke om å få sleppe fri. Men ranaren vil ikkje ut av fengsel med det første.

Erling Havnå

Erling Havnå ser med blanda kjensler på å få sleppe ut frå fengsel.

Foto: Leif Dalen/NRK

– Eg gruar meg til å sleppe ut av fengsel. Eg reknar cella som heimen min. Når eg er ute lengtar eg tilbake til cella, seier Havnå til NRK.

Havnå er tilbake i heimbyen Arendal der han skal halde foredrag på Havnepuben fredag kveld. Her skal han snakke om straff, soning og fridom. Etter ti år bak murane ser han på det å sleppe ut med blanda kjensler. Han sit no på opa soning på Bastøy fengsel.

– Må vere betre budd enn eg er no

– Det er todelt. På ein måte har eg lyst ut, men ting må vere på plass. I januar neste år har seg sona to tredelar av straffa, men eg kjem nok ikkje til å søke om å få sleppe ut. Eg ventar litt, seier han.

– Eg må vere betre budd enn eg er no. Eg treng lengre tid, seier han.

5. april 2004 var Havnå med på eit av norgeshistoriens mest omtala ran. Etter at David Toska hadde spana på Norsk Kontantservice sin teljesentral slo Toska, Havnå og fleire andre til i Stavanger.

Dei var iført mørk kjeledress, dekka til for hovudet og fleire hadde mellom anna automatvåpen. Eitt av desse våpena tok livet av politimannen Arne Klungland.

Dømd til 16 års fengsel

Havnå si oppgåve under ranet var å bruke sleggje mot eit pansra vindauge i teljesentralen. Havna fekk oppgåva fordi han var stor og sterk. Han har mellom anna bakgrunn frå kickboksing, der han vart europameister i 1980.

Havnå vart dømd til 16 års fengsel etter ranet.

Ei av årsakene til at han gruar seg til å sleppe ut er at han har milliongjeld etter ranet. Erling Havnå og resten av ranarane kom unna med 57 millionar kroner. Framleis manglar det 51 millionar kroner som ikkje er kome til rette.

Forsikringsselskapet IF krev 15 millionar kroner frå vektarselskapet der ein av dei ransdømde jobba. Dei resterande 36 millionane blir kravd inn av dei 13 som vart dømde for ranet. Dermed må dei betale pengar resten av livet sitt.

– Det inneber at eg uansett ikkje får den same fridommen som deg, seier Havnå til NRK.

Nokas-ranet

Overvakingsbilete frå Nokas-ranet 5. april 2004.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

– Får eg aldri meir sitje isolert i ei celle?

Ei anna årsak er at han føler seg trygg bak murane.

– Det er ikkje ukomplisert å skifte frå eit fengsel til samfunnet som er ute. Noko av det eg får mest panikk på er, skal eg verkeleg aldri meir få sitje isolert i ei celle? No er eg i opa soning, men skal eg aldri tilbake til den gode isolasjonscella? Så ein vert kanskje litt skurrete, seier han.

I løpet av dei ti åra Havnå har sete fengsla har han mellom anna funne seg kjærast. På sikt ser han føre seg at dei flyttar til Sørlandet.

– Kjærasten min vil gjerne flytte til Sørlandet, så vi endar nok opp der etter kvart, seier han.

Rønneberg: – Spesielt

Leiar i NRK sin krimredaksjon Olav Rønneberg meiner at det er spesielt at Erling Havnå vil halde foredrag.

– Han er ikkje ferdigsona så det er spesielt at han søkjer offentlegheita på denne måten. Spesielt sett i lys av at Havnå tidlegare har uttrykt at han ikkje angrar på Nokas-ranet, seier Rønneberg.

– Vi har også høyrt at han seie at han godt kan sitje i fengsel livet ut dersom han får permisjonar. Summen av dette blir litt spesiell, seier Rønneberg.

Han meiner også at det er spesielt av Havnepuben i Arendal å invitere Havnå.

Havnepuben har dei siste åra invitert gjester til å snakke og svare på filosofiske spørsmål. No ynskjer dei å invitere andre type gjester.

– Eg kjenner Erling frå to sider. Eg kjenner han frå ei veldig positiv side. Så har du dette som vi ikkje skal unnskylde noko. Filosofien har kanskje utspelt si rolle akkurat no. Vi har ikkje fleire menneske vi kan invitere som kan trekkje menneske, så no prøver vi dette, seier Svein Stornæs Nilsen ved Havnepuben.

Budd på spørsmål

På Havnepuben fredag kveld vil det truleg vere mange kjentfolk. Havnå vedgår at det skremmer han.

– Eg har halde ein del foredrag tidlegare, men eg har aldri vore der folk kjenner meg. Eg må innrømme at eg fryktar det litt, det å vere så nær. Dei er jo nesten oppi lomma mi, seier han.

– Trur du folk kan bli provosert over at du får halde foredrag?

– Heilt sikkert, men det får berre vere. Det blir utfordrande og eg vil få direkte spørsmål. I fengsel får ein veldig lite spørsmål om til dømes Nokas-saka, seier han.

Ei av årsakene til at han held foredrag er at han stiller spørsmål ved straffesystemet i Norge.

– Eg har noko å seie kring kva eg tenkjer om straff, som folk kanskje ikkje tenkjer over. Eg kan komme med nye opplysningar til folk som gjer at dei tenkjer seg om. Er det rett måte å gjere det på, slik vi gjennomfører straff i dag, spør Havnå.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %