Hopp til innhold

– Fornøyelsesparkane mjølkar barnefamiliane for pengar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

To dagar i fornøyelsespark kostar norske småbarnsfamiliar fleire tusen kroner. Foreldre reagerer på at feriebudsjettet forsvinn raskt i dyr sommarmorro.

– Fornøyelsesparkane er ei skikkeleg mjølkemaskin. Det er kjempedyrt, seier Linda og Torbjørn Høiø-Sollid til NRK.no.

Men prisane ser ikkje ut til å skremme barnefamiliane vekk. I fjor hadde Dyreparken, Bø Sommarland, Tusenfryd og Hunderfossen samla over 1,6 millionar besøkande. Tek vi med Kongeparken nærmar ein seg 1,9 millionar.

Familien Høie-Sollid er i ferd med å pakke bagar, barnevogn og effektar frå Dyreparken i Kristiansand i bagasjerommet på bilen. Familien kjem rett frå frukosten i den nye Kaptein Sabeltann-verda i Dyreparken, som skal bli parken si nye gullgruve.

I bilen sit dei to barna og ropar utålmodig på mamma og pappa, som nettopp har dratt Visa-kortet for opphaldet i parken.

– Det er dyrt når heile familien skal inn. Det er jo nesten dyrare enn ein sydentur når du tek med reiseutgiftene. Det er ikkje berre inngangsbillettane som er dyre. Her i Dyreparken er både maten og effektane svindyre. I tillegg er ikkje maten noko særleg god heller, iallefall ikkje i forhold til det ein betalar, seier dei.

Linda og Torbjørn Høiø-Sollid

DYRT: Linda og Torbjørn Høiø-Sollid meiner prisane i norske fornøyelsesparkar er for høge.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Underhaldning kostar

Denne sommaren har paret bestemt seg for besøke fleire fornøyelsesparkar. Frå Dyreparken går turen vidare med danskebåten og Legoland i Danmark.

– Det blir ein dyr ferie. Underhaldning for barna kostar, men vi måtte berre gjere det. Men det blir garantert ikkje kvart år, seier dei.

Norske gutter i tømmersklia i Heide Park i Nord-Tyskland

MORRO I UTLANDET: Norske gutar i tømmersklia i Heide Park i Nord-Tyskland. Eit todagarspass i Heide Park er billegare enn alle dei fem største parkane i Norge.

Foto: Heide Park
Tusenfryd

POPULÆR: Tusenfryd er den nest mest populære familieparken i landet med rundt 420 000 besøkande i fjor.

Foto: Rainer Prang / NRK
Hunderfossen, trollet

INNE-AKTIVITETAR: Hunderfossen Familiepark har store delar av tilbodet sitt under tak for å vere godt rusta også på dagar med dårleg vêr.

Foto: Hunderfossen/ Hans Brox

Skal du ha med familien i Dyreparken i to dagar kostar det altså 1796 kroner (pris justert 3. juli). Vil du i tillegg ein tur i det nye Badelandet kan du plusse på rundt 300 kroner. Ynskjer du også å få med deg Kaptein Sabeltann-førestillinga må du ut med rundt 300 kroner per billett.

Etter timesvis med vandring i dyreverda må du også fylle magen. For ein stor pizza og fire halvlitrar med brus må du betale rundt 350 kroner. Så har du alle souvenirbutikkane med Sabeltann-effektar og Julius-bamsar, som fristar dei små.

– Vi betalte 350 kroner for ein Sunniva-kjole til dottera vår. Ikkje var kvaliteten god heller, seier Linda og ristar oppgitt på hovudet.

4000,- for to dagar

Dersom du summerer prisane endar du på nesten 4000 kroner for to dagar i Dyreparken i Kristiansand. Prisen er inkludert inngangsbillett, eitt måltid og adgang til Kaptein Sabeltann-førestilling på kvelden. I tillegg kjem reiseutgifter og overnatting.

I ei prissamanlikning NRK.no har gjort kjem dei norske fornøyelsesparkane dårlegare ut enn dei fleste av konkurrentane i Europa vi har samanlikna med.

For eit todagarspass i Mummidalen i Finland må du ut med halvparten av det du må betale for to dagar i Dyreparken i Kristiansand. Tett bak Dyreparken følgjer Tusenfryd og Bø Sommarland, som begge kostar over 1700 kroner.

– Eg tykkjer prisane generelt sett er for høge, men har du bestemt deg for å gå i parken må du berre opne lommeboka, seier Stine Søyland Hellestøl.

Ho har teke med seg barna Jonas, Celine og mannen Jan Gunnar Hellaren. Vi møter familien i «Afrika» i Dyreparken. Regnet høljar ned og ikkje eit dyr er å sjå.

– Det er jo dyrt, men folk er tydlegvis villege til å betale, seier Jan Gunnar.

Forstår ikkje prisreaksjonar

Bø Sommarland opplevde ein dårleg sommar i fjor. Fornøyelsesparken meiner at vêret gjorde at 30 prosent færre besøkte parken i fjor, samanlikna med året før. Direktør Bernt Gunnar Berntsen stussar over at folk reagerer på prisnivået.

– Vi har høgare kjøpekraft i Norge. Du får mykje for pengane for å vere i ein fornøyelsespark i ni timar. For eit halvdagskort i eit skisenter må du betale like mykje, seier Berntsen.

Direktøren har ikkje forståing for at småbarnsforeldre tykkjer det er dyr.

– Ein kan få rabatt på billettar ein kjøper på internett. Ein kan kjøpe billege sesongkort slik at du kan gå så mange gonger du vil. Vi har og mange billege tilbod til familiar som vil gå i parken, seier direktøren.

Sommarland i Bø

BØ SOMMARLAND: Direktøren i Bø Sommarland, Bernt Gunnar Berntsen, meiner prisnivået i fornøyelsesparkane er der det skal vere.

Foto: Tore Jonssen

Parksjef: – Dei fleste tykkjer det er dyrt

Dyreparken er den desidert største fornøyelsesparken i Norge med over 800 000 besøkande i fjor.

– Det har blitt eit eventyr. Det er ganske utruleg eigentleg. Vi har satsa og lukkast, seier administrerande direktør Per Arnstein Aamodt.

Vi møter han i administrasjonsbygget i Dyreparken. Eit bygg som er i ferd med å bli altfor lite. Vi går forbi eit møterom der marknadsgruppa legg strategien for høgsesongen. Møtet illustrerer utviklinga i Dyreparken då ein av deltakarane må sitte på ein stol i gangen for å få med seg møtet.

– Vi må nok snart utvide. Vi veks oss ut av lokala, seier Aamodt, som har forståing for at mange tykkjer det er dyrt å besøke parken.

– Det er ein stor sum pengar å betale. Dei fleste seier det er dyrt, men dei seier samstundes at det var verdt pengane. Det er kanskje det vi er mest opptekne av, seier han.

Per Arnstein Aamot

FORSTÅR KRITIKKEN: Direktør i Dyreparken i Kristiansand, Per Arnstein Aamodt, forstår at mange tykkjer det er dyrt i norske fornøyelsesparkar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Ingen grunn til å klage

Men sjølv om det er dyrt har altså fornøyelsesparkane i landet eit samla besøktal på nær to millionar i løpet av eit år. Og besøkstala aukar år for år.

– Dei norske parkgjengarane går i alle parkane. Dei kjenner Tusenfryd, Bø i Telemark, Kongeparken og Hunderfossen. Eg trur det er litt sånn at det er ein del av opplevinga å besøke fleire parkar, seier Aamodt.

Peter Schmidt stoppar opp og tek av seg sekken i Tjuttaviga. Barna Lina og Paul kjem diltande etter og prøver febrilsk å vifte bort den aggressive knotten. Peter er opprinneleg frå Tyskland og flytta til Norge for åtte år sidan. Han meiner nordmenn ikkje har grunn til å klage over prisnivået.

– No har vi riktignok årskort, som jo er litt billegare enn enkeltbillettar. Men billettprisane er tilpassa det norske lønsnivået. Så eg tykkjer at vi må tole å betale. Det er jo dyrt å gå ut å ete også, seier han.

Men derimot meiner han at billettprisane er altfor høge dersom ein vil vinne utanlandske kundar.

– Når vi får besøk frå Tyskland er det aldri spørsmål om å gå i Dyreparken, sjølv om dei veit om den. Det er rett og slett for dyrt. Dersom vi skal gå må eg invitere dei med og betale billetten, seier han.

Peter Schmidt

- MÅ TOLE Å BETALE: Peter Schmidt meiner nordmenn ikkje har grunn til å klage på prisane i fornøyelsesparkane. Her er han saman med barna Lina og Paul i Tjuttaviga i Dyreparken i Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Forsvarar prisen

Hunderfossen på Lillehammer kjem best ut av dei norske i prissamanlikninga NRK.no har gjort. Likevel må du betale over 1600 kroner for todagarsbillett for to vaksne og to barn.

– Vår meining er at gjestene får veldig mykje for pengane i norske parkar, seier direktør i Hunderfossen Familiepark, Hogne Høstmælingen til NRK.no.

Direktøren meiner det er naturlege årsaker til at norske fornøyelsesparkar er dyrare enn i utlandet.

– Vi er ein nasjon med relativt få innbyggjarar. Dermed får vi ikkje dei same besøkstala som på kontinentet. Så utifrå det blir det eit spørsmål i forhold til kor mykje ein skal investere og kor mykje marknaden toler i billettpris, seier direktøren.

Vil tilbake

Dyrt eller ikkje, besøkstala aukar stadig i dei norske familieparkane. Sjølv om dei tykkjer det er dyrt, vil dei vi har snakka med mest truleg komme tilbake ved seinare høve.

– Det er jo veldig populært. Folk kjem jo igjen, så då kan dei vel forsvare prisen, seier Jan Gunnar Hellaren.

– Dersom ein tykkjer det er dyrt kan ein jo til dømes ta med seg mat og drikke. Det plar vi å gjere. Der er det iallefall litt å spare, seier Peter Schmidt.

Også dyreparkdirektøren har råd til familiar som ikkje har økonomi til å besøke parken i høgtida.

– Utanfor høgsesongen sel vi billettane rimelegare, men eg må påpeike at tilbodet er litt redusert også, seier Per Arnstein Aamodt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %