Hopp til innhold

– For mykje uvettig båtkøyring

Både båtfolk og politi er uroa over at stadig fleire køyrer uvettig til sjøs. På ein dryg månad har nesten 60 båtførar fått forenkla førelegg for å ha køyrt for fort.

Gunnar Eikeli til venstre, sønnen Åsmund Eikeli, Jakob Løvdal.

Gunnar Eikeli (t.v.), sonen Åsmund Eikeli og Jakob Løvdal er skremde over mykje uvettig køyring til sjøs.

Foto: Lars Eie/NRK

– Ifølgje meldingane vi har fått inn er det altfor mykje uvettig køyring til sjøs. Det er det ingen tvil om, seier fungerande stabssjef i Agder-politiet Jon Kvitne til NRK.

Politiet er ikkje aleine om å meine det. I ein seglbåt i hamna i Farsund sit Gunnar Eikeli saman med sonen Åsmund, Jakob Løvdal og fleire vener og diskuterer ferdselen til sjøs.

Større og raskare båtar

– Båtane vert større og større og går raskare og raskare. Det vert meir og meir krevjande med desse store båtane. Det meste av det vi opplever som ugreit er store båtar og stor fart, seier Gunnar Eikeli, som har jobba for NRKs båtradio i mange år.

Jakob Løvdal reagerer spesielt på barn som sit i baugen av båten.

– Barna tykkjer at det er sabla moro, men det er så utruleg farleg. Det er heilt idiotisk. Treff du noko er det ingen som klarer å halde seg fast. Barnet vil rase i sjøen og bli overkøyrt, seier Løvdal.

Åsmund Eikeli har sett mange barn som køyrer båt. Han meiner at foreldra må ta ansvar.

Vannscooter-meldingar

– Barn har ofte ikkje den reageringsevna som vaksne har. Køyrer dei på noko eller på eit vis vert usikre med mykje trafikk, kan det gå frykteleg gale, seier han.

Måndag fortalde NRK.no om at 18 personar så langt er tekne for promillekøyring til sjøs. I løpet av helga som var, vart endå fleire tekne. Desse er så langt ikkje med i statistikken.

I tillegg fekk politiet på Agder ei rekkje meldingar om uvettig køyring. Spesielt frå arendalsområdet.

– Der har vi fått mange meldingar på uvettig køyring med vannscooter. Vi har prøvd å kontrollere så godt vi kan og politiet har vore på vatnet. Førebels har vi ikkje klart å luke dei ut, seier Jon Kvitne i Agder-politiet.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %