Hopp til innhold

– Du får ikkje ein betre mentor

Mads Stokkelien frå Kristiansand kan komme til å danne spissduo med den spanske fotballstjerna Raúl (37) denne sesongen.

Raúl

Mads Stokkelien blir lagkamerat med Raúl, som skreiv under for New York Cosmos i desember.

Foto: Noah K. Murray / Reuters

Mads Stokkelien

Mads Stokkelien ser fram til ein ny sesong i USA.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Mads Stokkelien

Stokkelien jublar for Cosmos-scoring.

Foto: New York Cosmos

– Sjølv om han byrjar å bli gammal er han framleis bra. Du får ikkje nokon betre mentor enn Raúl, seier Stokkelien til NRK.

Onsdag vart det klart at Stokkelien blir i New York Cosmos ein sesong til. Han har skrive under ei eitt års kontrakt med den amerikanske klubben.

– Kan lære mykje

Der blir han altså lagkamerat med den tidlegare Real Madrid-spelaren, som skreiv under for klubben før jul. Stokkelien og Raúl kan bli Cosmos sin spissduo.

I neste veke startar klubben oppkøyring til ny sesong.

Stokkelien er også lagkamerat med Marcos Senna, som har over 300 kampar for spanske Villareal. Han vann også EM med Spania i 2008.

– Du kan plukke opp og lære vanvittig mykje av dei. Dei er dønn profesjonelle. Du forstår fort korleis dei har nådd så langt, seier den tidlegare Start- og Stabæk-spelaren.

Raúl har over 500 kampar for Real Madrid og har vunne den spanske serien seks gonger. Han har også tre Meisterliga-titlar på CV-en.

– Då eg voks opp var han ein av dei beste angrepsspelarane i verda. Avslutningsferdigheitene hans er enorme. Når du kan prate og diskutere med han kvar dag er det mykje du kan plukke opp og lære, seier Stokkelien.

Mads Stokkelien om livet i New York Cosmos

Sjå intervju med Mads Stokkelien.

Går for gull

24-åringen hadde ein knallsesong i Cosmos i fjor. Han vart toppscorar i serien og eitt av måla hans vart kåra til årets mål. Klubben enda på 3. plass i serien.

– Eg legg lista høgare denne sesongen. Målet er å bli toppscorar igjen og vinne både serie og cup, seier han.

Sørlendingen utelukkar ikkje ein retur til norsk fotball i framtida. Han har fått eitt års permisjon frå tannlegeutdanninga han held på å ta.

– Eg tek eigentleg eitt år om gongen og må ta ei ny vurdering etter kvar sesong. Akkurat no trivst eg iallefall godt i USA. Men det kan godt hende eg spelar i Norge igjen ein gong i framtida, seier han.

Sjå video av målet som vart kåra til årets mål:

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %