Hopp til innhold

– Dette blir ei kanonutfordring

Start-trenar Bård Borgersen vedgår at det blir knallhardt for sørlendingane å behalde plassen i eliteserien. Mot Sarpsborg 08 gjekk dei på sitt åttande strake tap.

Bård Borgersen, Start

Bård Borgersen tapte sin første kamp som Start-trenar.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Dette blir ei kanonutfordring. Men vi kjem til å gje alt. Vi er veldig samstemte på at vi har ei retning i gå. Den skal vi gå i full «power», seier Borgersen til NRK.

Bård Borgersen, Start

Start-trenar Bård Borgersen.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix
Sarpsborg 08 - Start

Start-spelarane deppar etter Sarpsborg-scoring.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Borgersen har berre vore hovudtrenar i klubben i ei veke etter at Mons Ivar Mjelde forsvann ut stadionporten i førre veke.

Ligg nest sist

Den ferske eliteserietrenaren fekk ein marerittstart mot Sarpsborg 08 søndag.

Etter berre 15 minutt hadde laget sleppt inn to mål, og ikkje skapt ein einaste sjanse.

Heimelaget frå Østfold vann til slutt 3–1 mot eit tamt Start-lag som no ligg nest sist på tabellen.

– Vi veit jo korleis tabellen ser ut og vi er klar over kor vi ligg. Men vi har spelarar som er klar for fighten. Den skal vi ta, seier kaptein og keeper Håkon Opdal.

Det var personlege feil som førte til dei to første baklengsmåla i Sarpsborg. Men trenaren ber spelarane komme seg raskt på beina.

– Vi har ikkje tid til å vere skuffa. Vi må bruke all tid og energi på å bli betre, seier Borgersen.

Matias Rasmussen

Matias Rasmussen og Start har tapt åtte kampar på rad.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Ser veldig vanskeleg ut

Offensivt skapte sørlendingane knapt ein sjanse i Sarpsborg.

– Offensivt må vi ta tak og skape mykje meir. Viss ikkje blir det altfor mykje spel på oss, seier trenaren.

NRKs fotballekspert Karl Petter Løken trur Start får det tøft med å halde plassen i eliteserien.

– Det ser veldig vanskeleg ut, men eg føler med dei. Alt går liksom imot dei. No har dei Lillestrøm heime i neste kamp. Der er moglegheita for Start. Men held dei fram med å tape går det sjølvsagt rett ned til divisjonen under, seier Løken.

– Utover hausten skal vi få ting til å sitje både offensivt og defensivt. Så skal vi bli eit godt fotballag, seier Opdal.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %