Hopp til innhold

– Detaljane frå drapssaka har gjort djupt inntrykk

Mange detaljar frå drapssaka i Mandal er nytt for medelevane på Mandal vidaregåande skole. Kommunelege Stein Grytten seier elevar kontaktar han og er forundra.

Knivene fra drapssaken i Mandal

Knivane frå drapssaka i Mandal. Torsdag går rettssaka inn i sin siste dag.

Foto: Jon Anders Møllen / NRK

– Det er klart at dette på landsbasis er ei stor og kjempespesiell sak som har gjort eit djupt inntrykk på veldig mange, seier kommunelege Stein Grytten.

Torsdag er siste dag i retten for den drapstiltalte 20-åringen som er tiltalt for å ha drepe kameraten Joakim Ophaug Røksland i april i fjor.

Stein E. Grytten

Kommunelege i Mandal Stein Grytten.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Grytten har vore i dialog med ein del av russen, som fortel at mykje av detaljane frå saka er nytt for dei.

– Dei er for det første forundra over alt det som kjem fram i rettssaka. Det aller meste av dette var ukjent for alle frå før, så eg trur mange ikkje forstod at dette kom til å bli så tøft, og så stort som det det er.

Tiltak for råka elevar

Kommunen og skulen har sett i gang tiltak for å gi støtte til medelevar som høyrer om detaljane frå rettssaka.

Oddvar Haaland

Rektor ved Mandal vidaregåande skole Oddvar Haaland.

Foto: Christian Tellefsen / NRK

Rektor ved Mandal vidaregåande skole, Oddvar Haaland, seier undervisninga og skulearbeidet i utgangspunktet går som normalt.

– Men lærarane er obs på om nokon treng ein samtale eller oppfølging. I tillegg har skulehelsetenesten ope heile tida, og kan hjelpe dei som måtte trenge det.

Ifølgje Haaland er det ikkje eit veldig stort antal elevar som har nytta seg av tilbodet som vart etablert i samband med rettssaka.

– Enkelte har trengt ein samtale, men det har ikkje vore veldig stort trykk. Men det er klart det er ei påkjenning for alle som jobbar med skulen og for heile lokalsamfunnet, så det påverkar noko i den tida rettssaka har gått føre seg.

– Tenk gjennom kva de skriv i sosiale medium

I sosiale medium blir det ifølgje kommunelegen delt rykte og meiningar om den pågåande saka. Grytten ber folk tenkje gjennom kva dei skriv på nett.

– Folk meiner ofte veldig mykje, og diverre mange gonger utan heilt å kanskje ha kunnskap nok om kva dette eigentleg dreier seg om. Det blir historier, rykte og mange meiningar.

Han meiner ein burde la vere å diskutere saka i sosiale medium.

– Folk er ikkje alltid like einige om kva som har skjedd og kva konsekvensar dette burde få. Så det blir lett folk som tek parti for den eine eller den andre, og det tykkjer eg er ganske ugreitt.

Rektor Oddvar Haaland seier dei i tida framover vil fokusere på at elevane skal klare å gjere det godt på skulen.

– No kjem vi til å fokusere på å få avslutte skuleåret og at dei elevane som går hos oss skal få gode resultat i forhold til standpunkt, og vere godt førebudde til eksamen.

Mandal videregående skole

Mandal vidaregåande skole har hatt tiltak for å støtte elevar under rettssaka mot ein 20 år gammal tidlegare elev.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,43 kr
Dyrest kl. 20 1,54 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %