Hopp til innhold

– Det er jo heilt «insane»

Eric Camilo Hølland måtte sjå to gonger då han gjekk forbi ein blomsterbutikk i Kristiansand. Han trudde ikkje det han såg då han såg prislappen.

Kunder reagerer på dyre roser i forbindelse med valentinsdag og morsdag.

Eric Camilo Hølland vart usikker på om han ville kjøpe roser då han såg prisen.

– Det er jo himla dyrt. Fem roser for 400 kroner? Det er jo heilt «insane», seier han til NRK.

Roser på valentinsdagen

Dyrt eller greit? For dyrt meiner fleire kundar NRK snakka med.

Foto: Sander Heggheim/NRK

For sju roser måtte du ut med 549 kroner hos Røsstad Blomster på Lund i Kristiansand laurdag. Det er kring 200 kroner meir enn vanleg.

– Eg har jo kjøpt roser før, men har aldri sett at dei har kosta så mykje. Det var det første eg kommenterte til kompisen min då eg kom inn. Eg la fort merke til prislappen. Eg hadde jo tenkt til å kjøpe, men no vart eg litt i tvil, seier han.

Skrur opp prisen

– Det spørs kva ein gjer for kjærleiken, smiler han.

Lotte Abera Vatland jobbar i butikken og stadfestar at rosene var betydeleg dyrare laurdag enn elles. Årsaka er valentinsdag og morsdag søndag.

– Hadde det vore ei vanleg veke hadde det vore mykje billegare. Det er leverandørane som skrur opp prisane for å tene godt, seier ho.

– Kva tykkjer du om det?

– Det hadde jo vore kjekkare å selje rosene til vanleg pris. Då hadde nok fleire kjøpt fleire større bukettar i staden for ein. Eg forstår at folk tykkjer det er dyrt, seier ho.

Lotte Abera Vatland

Lotte Abera Vatland tek imot bestilling på telefon. I bakgrunnen er kollegaene i full sving.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Let seg ikkje skremme

NRK snakka med fleire kundar medan vi var i butikken. Dei aller fleste meinte at roseprisane var i stivaste laget.

Likevel var det lang kø i kasseområdet og bankkortterminalane fekk sjeldan stå i ro.

– Det har vore ganske bra trøkk heile dagen frå morgonen. Vi opna ein time tidlegare enn normalt. Det har vore folk heile tida, seier Vatland.

Men aller helst skulle ho ynskje at valentinsdagen og morsdagen hamna på to forskjellige dagar.

– Då hadde vi fått to gode dagar med sal, men vi er godt nøgde, seier ho.

Blomsterbutikk på Lund i Kristiansand

Mange kundar ville kjøpe blomster hos Røsstad Blomster på Lund i Kristiansand trass i at mange meinde

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %