Hopp til innhold

– «Rullepute» kan gi curling-gull i OL

Det norske curlinglandslaget er blitt heilt avhengige av ei skumpute. Håvard Vad Petersson trur «rulleputa» kan bidra til å sikre norsk OL-gull i Sotsji.

Håvard Vad Petersson tror han har funnet gulloppskriften før OL i Sotsji. En pute skal redde støle bein og ryggmuskler.

VIDEO: Sjå Håvard Vad Petersson prøve rulleputa.

– Eg brukar den kvar einaste dag, sjølv om det ser litt dumt ut. Det er vel ei form for latskapstøying, ler Vad Petersson.

Dei norske curlingherrane er kanskje mest kjende for å vere dristige i valet av konkurransebukser. Har du sett dei på trening er sjansen stor for at du har sett landslagutta «rullande» på ei pute ved sidan av isen.

– Ulsrud hadde vorte invalid

– Den løyser opp stiv muskulatur. Thomas Ulsrud hadde vel blitt invalid utan denne her trur eg, seier han.

Håvard Vad Petersson var med på det norske laget som tok sølv i førre OL. No er han heime i Arendal der han prikkar inn OL-forma. Der spelar skumputa ei sentral rolle.

– Under OL har vi heldigvis ein massør med oss. Når vi ikkje har massør er vi heilt avhengige av puta. Du føler deg langt betre etterpå. I curling blir du raskt veldig støl i låret. Det er ekstremt mange slitasjeskader i kne- og lårmuskulatur. Denne er med på å løyse opp, seier han.

– Puta har blitt fast inventar i kostbagen. Eg trur den kan hjelpe oss til gull, seier han.

Sørlandet har faktisk gode sjanser til å få en medalje i OL i Sotsji i Russland. Curlinglandslaget går for gull i de olympiske lekene. En av utøverne regner seg som Sørlanding, og har faktisk bodd i Arendal i fire år.

VIDEO: Håvard Vad Petersson førebur seg til OL i Sotsji heime i Arendal.

Trur på gull i OL

Dei fleste curlinglandslaga brukar puta til restitusjonstrening og oppvarming. På sikt trur Vad Petersson at også andre idrettar vil få augene opp for den.

– Eg er sikker på at både friidrettsutøvarar og andre vil ha stor nytte av puta, seier curlingspelaren.

Det er berre knappe to månader sidan laget tapte EM-finalen på heimebane mot Sveits og tok sølv. Også i OL for fire år sidan vart det sølvmedalje.

– I Sotsji kan det bli alt frå gull til 7. plass, men vi går for gull, seier han.

– Tenk å varme opp utan å sveitte

Pål Trulsen, Norge under EM i curling i Sørmarka Arena i Stavanger

Pål Trulsen har stor tru på at dei norske curlinggutta hentar heim medalje frå OL i Sotsji.

Foto: Eirin Larsen

Puta var der ikkje då tidlegare OL-vinnar Pål Trulsen dreiv på.

– Vi var så gammaldagse at vi brukte sykkel til oppvarming og restitusjon vi. Dette er noko som har komme seinare. Hadde denne puta eksistert når eg la opp, så hadde eg kanskje drive på framleis. Tenk å kunne varme opp utan å sveitte, ler Trulsen.

– Men det er vel å dra det litt langt å seie at denne puta kan gi OL-gull. Konkurrentane nyttar den også, seier han.

Curling-veteranen er likevel klar på at puta har effekt.

– Den stimulerer blodsirkulasjonen. Den har veldig positivt effekt. Eg har prøvd den sjøl, og det er frykteleg vondt når du ligg på den, men det er deilig etterpå, seier Trulsen.

– Canada soleklar favoritt

Pål Trulsen har tru på at det norske curlinglandslaget tek medalje i Sotsji.

– Dei er blant medaljekandidatane. Canada er nok soleklar favoritt, men Norge har absolutt ein sjanse, seier han.

Om to veker startar OL i Russland. I mellomtida spissar Vad Petersson OL-forma i ishallen i Kristiansand. I OL er han ein av berre to sørlendingar. Den andre er skøyteløparen Simen Spieler Nilsen.

– Eg kjem jo ikkje frå Sørlandet, men dottera mi byrjar å skarre på r-en, så eg føler meg vel som ein sørlending, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %