Hopp til innhold

– Color Line er miljøsinke

Venstre-politikar Stein Inge Dahn reagerer på at Color Line sin båt i Kristiansand ikkje er knytt til landstraum.

SuperSpeed

- MILJØSINKE: Venstre-politikar Stein Inge Dahn er lite nøgd med at Color Line ikkje koplar seg til landstraum når dei ligg til kai.

Foto: Anne Wirsching / NRK

– Eg meiner klart at her er Color Line ei miljøsinke. I Kristiansand ligg dei og produserer straum om natta, seier Dahn frå Vest-Agder Venstre til NRK.no.

Klima og helse

Odd Grønberg

AVVISER KRITIKKEN: Linjedirektør i Color Line, Odd Grønberg, avviser at dei er miljøsinker.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

Ifølgje Fædrelandsvennen går Superspeed på særs miljøfiendtleg tungolje. Dette vert også brukt som drivstoff medan båten ligg til kai i Kristiansand hamn.

– Hamnevesenet har opplyst om at dei har gjort alt klart slik at dei kan kople seg til landstraum. Då bør dei gjere det av omsyn til både klima og helsa til befolkninga i Kristiansand, seier Dahn.

Dahn krev også at ferjene som går til Kristiansand vert bygd om til gass slik at dei tilfredsstiller FN sine nye utsleppskrav frå 2015. Men Color Line har førebels ingen planar om dette, og avviser at dei er miljøsinker.

Skal gå på gass

– I Oslo har vi eit prosjekt på gang der ferjene går på straum når dei ligg til land, seier linedirektør i selskapet, Odd Grønberg, til Fedrelandsvennen.

Dahn viser mellom anna til at den nye ferja mellom Sandefjord og Strømstad skal gå på gass.

NRK.no har ikkje lukkast med å komme i kontakt med Odd Grønberg i Color Line.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %