Hopp til innhold

– Århundrets bursdagspresang

Ronny Blix frå Mandal er ein ihuga rally-entusiast. Laurdag fekk han gutedraumen oppfylt då han fekk sitte på i ein rallybil.

Fikk fartsdrømmen oppfylt

Sjå video med Ronny Blix frå Mandal i rallybil for første gang.

– Eg vil kalle dette århundrets bursdagsgåve, seier Blix til NRK.

Han er særs rallyinteressert og reiser så ofte han kan for å få med seg løp for å ta bilete. På 42 års dagen hans fekk han endeleg draumen oppfylt.

– Interessa for rally er vel godt over middels for å seie det slik, seier Blix.

Søvnlause netter

Han skulle vere kartlesar for rallysjåfør Arnt Gustav Olsen i eit løp i Sørlandsparken i Kristiansand.

– Eg er nervøs. Det har vore nokre netter med lite søvn, sa han før han sette seg i bilen.

Olsen som skulle køyre bilen var optimist før start.

– Eg stolar på han. Dette må han kunne klare. Men ein veit jo aldri når farten blir stor og det blir varmt inne i bilen. Han kan jo klikke på ein eller annan måte, men det bør absolutt gå bra, seier han.

I lykkerus

Og det gjorde det. Etterpå var bursdagsbarnet høgt oppe. Duoen gjekk nemleg til topps i løpet.

– Det var heilt sjukt. Det er det råaste eg har vore med på. Heilt vanvittig, seier han.

– Desse bilane er rå. Du har ein puls som er heilt oppe i taket. Dette slår det meste, sa Blix.

Arnt Gustav Olsen og Ronny Blix

Arnt Gustav Olsen og Ronny Blix feira sjølvsagt med champagne etter å ha vunnet løpet.

Foto: Privat

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %