– ØIF Arendal vinn ingenting i år. Dei har det berre i kjeften og ikkje i armen. Elverum er ein handball-by. Det er ikkje Arendal. Vi tek tre titlar om vi held oss skadefri, seier leiar i Elverum sin supportarklubb Taigan, Ola Norstrøm til NRK.
Oppgjeret mellom Elverum og ØIF Arendal har utvikla seg til å bli eit hatoppgjer i norsk handball.
– For oss var Elverum og Haslum den store stygge ulven. No er det ØIF Arendal. Det har nok med at dei vann to titlar i fjor, seier Norstrøm.
Banka Elverum tre gonger
Søndag møtest dei to gull-laga i Sør Amfi. ØIF vann både serie og cup i fjor. Elverum vann sluttspelet.
Førre sesong møttest dei tre gonger. Då vann sørlendingane alle kampane. Mellom anna i semfinalen i cupen.
Søndag møtest dei to gull-laga i Sør Amfi. ØIF vann både serie og cup i fjor. Elverum vann sluttspelet.
– Det er aldri morosamt å tape i Arendal og vite at du har 60 mil i buss heim igjen. Men viss vi vinn er 60 mil i buss ingenting. Då skal vi hovere litt på tribuna og verkeleg gni det inn at Arendal har tapt, seier Norstrøm.
– Eg gler meg til å sjå Marinko Kurtovic dra seg i håret fly forbanna når Elverum knuser ØIF, seier supportarleiaren.
– Den store hatkampen
Leiar i ØIF sin supportarklubb Svermen, Jørn Holmestrand, ler når han får høyre kommentarane til supportarsjefen i Taigan.
– Ja, eg må flire litt. Han har rett i at Elverum har vore ein handballby lenger enn Arendal. Men når du vinn både serie og cup på ein sesong har ein markert at Arendal er ein handballby også, seier Holmestrand.
Det er venta fulle tribunar i oppgjeret mellom ØIF og Elverum i Sør Amfi søndag.
Holmestrand meiner det viser at oppgjera mot Elverum er dei viktigaste og mest intense i løpet av sesongen.
– Det er jo den store hatkampen. Hat med eit blunk på lur. Alle i Svermen elskar å hate Elverum. Det er Taigan og Svermen som er dei to einaste supportarklubbane på herresida. Når vi barkar ihop blir det litt ekstra, seier han.
Begge lag med full pott
Begge dei to laga har starta sesongen med å vinne dei to første serierundene.
ØIF har slått Stord heime og Halden på bortebane, medan Elverum slo Drammen borte og Kolstad på heimebane.
– Det er eigentleg no sesongen startar skikkeleg. Elverum blir ein langt tøffare motstandar enn dei andre laga vi har møtt til no, seier Holmestrand.