– Vi treng eit tydeleg maktsentrum mellom Grenland og Kristiansand. Den rolla må Arendal ta, sa Pål Koren Pedersen (V) under ein direktesend debatt i Arendal kulturhus onsdag kveld.
– Det handlar om produksjon av tenestene vi skal gje folket. Kommunane rundt treng å vere i dialog med oss, sa han.
Vil strekke ut ei hand
KrFs ordførarkandidat Terje Eikin reagerte på utspelet til Pedersen om at nabokommunane treng Arendal.
– Vi vil ikkje overta kommunane, men vi vil strekke ut ei hand. Skal det bli ein større kommune må det gje betre teneste for alle kommunane, sa Eikin.
Arbeiderpartiets Robert Cornels Nordli er lunken til kommunesamanslåing med nabokommunane.
– Lokalt er eg for folkeavstemming. Vi må ha respekt for det enkelte kommunestyre og kva prosessar dei har. Dei enkelte kommunane må bestemme sjølv kva som er best for sine innbyggjarar, sa Nordli.
Trur på dominoeffekt
Høgre sin ordførarkanddiat Geir Fredrik Sissener trur det blir samanslåing med naboane og trur «nøkkelen» ligg i Tvedestrand.
– Vi har invitert Tvedestrand til aktive diskusjonar. Det er mogleg det vil gje ein dominoeffekt. Får vi ein god prosess trur eg dei andre kommunane kjem etter. Vi har felles bu- og arbeidsmarknad, sa han.
– Vi må ta prosessen alvorleg og skape ein veldig attraktiv bu- og arbeidsmarknad her i østre Agder, sa Sissener.