Hopp til innhold

82 prosent sa nei til eitt Agder

Førehandsstemmene i Arendal og Grimstad er telt opp. Motstanden mot eitt Agder-fylke i den største byen i Aust-Agder er stor. Følg utviklinga her!

Opptelling Arendal

OPPTELJING: Bilete er frå oppteljing av stemmene i Arendal.

Foto: Pål Tegnander / NRK

Totalt 81,7 prosent av førehandsstemmene i Arendal seier nei til eitt Agder. Berre 15,9 prosent seier ja til eitt Agder. Totalt er det registrert 5095 førehandsstemmer i Aust-Agders største by.

– Fantastisk

– Det er heilt fantastisk. Men vi må nok rekne med at talet går noko ned når alle stemmene er telt opp. Men det var nok litt høgare enn eg hadde trudd, seier leiar for nei-aksjonen, Jan Rudy Kristensen til NRK.no.

I Grimstad er det berre eit knapt fleirtal mot eitt Agder. 53 prosent av dei som har førehandsstemt har stemt nei, medan 41 prosent har sagt ja til eitt Agder. Totalt 2471 personar har førehandsstemt der.

– Dette var skuffande. Arendal var det jo eit overveldande fleirtal imot. Det var overraskande høgt, seier Knut Dannevig i ja-aksjonen.

Video Stor motstand mot ett Agder i Arendal

VIDEO: Sjå dei første reaksjonane på førehandsstemmene i Arendal.

Ja i Valle

– Det var jo gledeleg at det var omtrent 50–50 i Grimstad. Der har det vore sterkt motstand. Men vi må jo vere klar over at dette berre er førehandsstemmer, seier han.

I Valle kommune er stemninga eit heilt anna enn i Arendal. Heile 72,5 prosent av dei som har stemt seier ja til eitt Agder. 25,5 prosent seier nei til eitt Agder.

I Gjerstad er motstanden mot samanslåing stor. Heile 81,3 prosent av førehandsstemmene seier nei til eitt Agder. 14 prosent har stemt ja. Det er registrert 257 førehandsstemmer.

Motstand i Risør

I Risør seier 72,7 prosent av dei som har førehandsstemt nei til eitt Agder. 21,3 prosent seier ja. 545 personar har førehandsstemt.

I Åmli seier 67,5 prosent av dei som har stemt på førehand nei til eitt Agder. Berre 25,2 prosent seier ja. Berre 123 personar av 1397 stemmeberettiga har førehandsstemt.

I Evje og Hornnes kommune seier 75,5 prosent ja til samanslåing av dei to fylka. 21,6 prosent seier nei til samanslåing. Her er alle stemmene telt opp.

Både Dannevig og Kristensen hadde lita tru på samanslåing då vi snakka med dei tidlegare på kvelden.

– Dei siste meiningsmålingane tilseier at det vert nei. Eg tippar at vi endar på 58,42 prosent imot ei samanslåing av Agder-fylka, sa Knut Dannevig.

RESULTAT FOLKEAVSTEMMING

KOMMUNE

JA%

NEI%

BLANK

Totalt

 

 

 

Valle kommune

72,5%

25,5%

2,0%

Evje og Hornnes kommune

75,5% 

21,6% 

2,9% 

Vegårshei kommune

10,5%

88,1%

1,4%

Grimstad kommune

38,2%

57,7%

4,1%

Bykle kommune

54,8%

41,6%

3,6%

Iveland kommune

 

 

 

Lillesand kommune

 

 

 

Froland kommune

9,5%

89,2%

1,2%

Arendal kommune

17%

80,7%

2,3%

Gjerstad kommune

9,8%

88,1%

2,1%

Risør kommune

20,5%

78,5%

1,0%

Birkenes kommune

 

 

 

Åmli kommune

20,4%

77,2%

2,4%

Bygland kommune

 

 

 

Tvedestrand kommune

 

 

 

Ekspander/minimer faktaboks

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %