– Vi ser på båtførarprøva at det er mange som stryk og ikkje kan basis-ting, sjølv om dei påstår at dei har vakse opp i fjære, seier administrerande direktør i Norsk test, Bernt Nilsen til NRK.
Undersøkinga InFact har gjort for Wee Marine viser mellom anna at nesten 4 av 10 i Sør-Norge ikkje veit korleis dei skal fortøye båten skikkeleg.
I motsett ende finn vi nordlendingane der 67 prosent gir opp at dei kan fortøye skikkeleg.
- Les også: Strøymer til båtlappen i finværet
Dette må du kunne
– Dersom båten driv av eller på skjær og mot fjæresteinar kan det gå hol på båten, seier Svend Svendsen som er leiar av Kristiansand sjøredningskorps.
Det er han og kollegaene hans som må rykke ut dersom du kjem i trøbbel til sjøs.
– Ein må ta høgde for vind og straum. I alle fall om du skal liggje over natta. Om du veit at det kjem dårleg vêr neste morgon måte du fortøye godt i alle endar, baugar og kantar, seier han.
Svendsen meiner halvstikk, heilstikk og pålestikk er knutar som ein båtførar må kunne.
– Det må dei lære seg. Det hjelper i dei aller fleste tilfelle, seier han.
Se video
- Les også: Lurer på kvifor færre tar båtlappen
– Mange får seg ei overrasking
Undersøkinga viser at kvar tredje båtførar i landet ikkje kan til dømes pålestikk.
Sikker og forsvarleg fortøying er ein del av pensum til båtførarprøva, men dersom du er fødd før 1980 er det ikkje lovpålagt å ta prøva.
– Eg håpar det vert betre, men det er mykje som står att. Særleg kanskje for dei eldre som ikkje er pålagde å ta båtførarprøva, men trur at dei kan det. Det er mange av dei som får seg ei overrasking når dei går på kurs eller tek eksamen, seier Bernt Nilsen i Norsk Test.