Hopp til innhold

300 må gå frå MHWirth

Tilsaman 300 tilsette må gå frå oljeserviceselskapet MHWirth i Norge. 220 av dei må gå i Kristiansand.

MHWIRTH

220 tilsette må gå frå hovudkontoret i Kristiansand.

Foto: ASBJØRN ODD BERGE / NRK

Dei resterande 80 seiast opp ved kontora i Horten, Oslo og Stavanger.

– Dette er ein trist dag for mange tilsette hos oss, seier HR-ansvarleg i bedrifta, Bjørg Hansen til NRK.

Alle dei 300 skal no i drøftingsmøte før dei får oppsigelse mot slutten av månaden.

– Frykteleg trist

– Vi har hatt eit tett samarbeid med tillitsvalde over lang tid. Vi har diskutert kva kriterie som skal ligge til grunn. Først og fremst følgjer vi hovudavtala. Der står det at ein skal følgje ansenitet om det ikkje er sakleg grunn. Kompetanse er ein sakleg grunn, seier Hansen.

Fleire av dei tilsette har jobba i bedrifta i opp mot ti år.

– Eg trur mange av dei tilsette ser korleis marknadssituasjonen er. Dei har ei grunnleggjande forståting for at det er ei naudsynt tilpassing. Samstundes er det frykteleg trist både for dei som får innkalling til drøftingsmøte og dei som vert att, seier ho.

Utelukkar ikkje fleire runder

Dette er den tredje nedbemanningsrunda til no i år. Det vil vere rundt 820 tilsette i Kristiansand etter denne nedbemanninga.

Hansen kan ikkje utelukke at det vil komme fleire kuttrunder.

– Det kan vi ikkje seie noko om. Vi må halde oss til marknaden vi har og sikre ei sunn drift. Vi følgjer situasjonen og håpar og trur at marknaden kjem tilbake, seier ho.

I september fortalde NRK at mellom 500 og 800 tilsette måtte gå i selskapet. No er det altså klart at 300 må gå i Norge. Kor mange som må gå ved kontora i utlandet er førebels ikkje klart.

I februar i år kvitta selskapet seg med 300 tilsette i Norge.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %