Hopp til innhold

20-åring sikta for ran

20-åringen er sikta for ranet av Shell / 7 Eleven på Brennåsen i Songdalen tidlegare i haust.

7-Eleven-butikken i Brennåsen.

RANA: 7 Eleven-butikken i Brennåsen er utsett for fire ran berre i år.

Foto: Åse Røysland / NRK

Mannen truga til seg pengar før han forsvann frå staden, skriv fvn.no. Det var det fjerde ranet ved stasjonen på fire månader.

– Det har vore ei nokså brei etterforsking av saka. Vi har vore innom ei rekkje personar dei siste tre månadene, seier lensmann i Søgne og Songdalen, Terje Pedersen til NRK.no.

– Namnet på hovudmannen kom inn i etterforskinga etterkvart. Opplysningane vi fekk gjorde at vi hadde tilstrekkeleg mistanke til å arrestere han, seier Pedersen.

7 Eleven-stasjonen valde til slutt å stengje på nattetid på grunn av alle rana.

– Vi fann ut at han var i syden og han vart arrestert når han kom til Gardermoen på julafta. Han har erkjent forholde og han har forklart seg slik at vi har tiltru til forklaringa hans, seier lensmannen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %