Hopp til innhold

145 taxisjåførar syklar 2600 kilometer for kreftsaka

Taxisjåførar frå heile landet skal sykle frå Nordkapp til Lindesnes. Målet er å samle inn minst 500 000 kroner til Kreftforeininga.

Frode Sørensen (Vest-Agder), Øystein Skoglund (Oppland) og Vegar Bratlie (Hedmark)

Tre av fylkesleiarane er klar til sykkeltur. Frå venstre Frode Sørensen (Vest-Agder), Øystein Skoglund (Oppland) og Vegar Bratlie (Hedmark)

Foto: Norges Taxiforbund

– Fysisk aktivitet er vel kanskje ikkje det første folk tenker på når ein ser ein taxisjåfør. Men dette skal vi klare, ler Kjell Frode Sørensen.

Han er fylkesleiar i Taxiforbundet i Vest-Agder. Det var han som tok initiativ til sykkelturen etter at hans forgjengar Bente Stokkeland døydde av kreft for to år sidan. Også kona til Sørensen har hatt kreft.

– Dette vert ein hyllest for Bente, alle som vert råka av kreft og arbeidet til Kreftforeininga, seier han.

Fekk ståande applaus

– Då eg presenterte ideen for alle fylkesleiarane reiste dei seg og applauderte. Alle ville vere med på å gjere ein skilnad, seier Sørensen.

Turen er delt inn i etappar på tre mil heilt til Lindesnes. Kvar enkelt syklist har ordna seg med sponsorar som betalar 100 kroner per kilometer.

Sørensen trur dei vil klare å sykle inn minst 500 000 kroner, men han håpar på 600 000 kroner.

Ifølgje fylkesleiaren har sykkelturen gjort at mange taxisjåførar er meir aktive enn tidlegare.

– Eg meiner vi har fått ein vinn-vinn-vinn-situasjon. Eg ser at mange er ute og trenar for å førebu seg. I tillegg trur eg næringa får eit løft på omdømmet når vi faktisk gjer noko positivt, og ikkje berre er nokon latsabbar, seier han.

Inviterer andre til å bli med

Initiativtakaren har sjølv lagt bak seg tre mil på sykkel tysdag morgon. Når startskotet går på Nordkapp 26. juni legg dei opp til ein snittfart på 15 kilometer i timen.

– Det er ein fart dei fleste vil klare sjølv utan særleg trening, seier han.

Planen er å nå Lindesnes 3. juli i 15-tida. Etter målgang skal det haldast ein auksjon i Mandal der gåver frå sponsorar skal auksjonerast bort til inntekt for kreftforeininga.

– Eg håpar mange vil møte opp for å støtte i god sak. Det er og kjekt om andre enn taxifolk vil sykle saman med oss på den siste etappen, seier han.

Følgjebilar vil og ha med innsamlingsbøsser undervegs på turen til Lindesnes.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %