Hopp til innhold

Vil betale barnehageutdanning for menn

Hægebostad kommune går nye vegar for å få fleire menn til å jobbe i barnehagane i kommunen.

Barnehage

Hægebostad vil ha fleire menn til å jobbe i barnehagane i kommunen.

Foto: Eva Susanne Drugg / NRK

– Problemet i dag er at det ikkje er nokon menn som er tilsett i barnehagane. Då tykkjer vi at vi bør gjere noko med det, seier ordførar Ånen Werdal til NRK.

Hægebostad kommune er kjende for å vere den typiske industrikommunen som ligg på likestillingsbotnen.

Viser til forsking

I den nye kommuneplanen som strekk seg over dei neste ti åra, rettar mykje seg mot å få opp kvinnedelen på mange område. Bortsett ifrå i dei to barnehagane, der det altså ikkje er ein einaste mann.

– Du må nesten stimulere til at dette er eit yrke for begge kjønn, seier han.

– Kvifor er det så viktig å få menn inn i barnehagane i Hægebostad?

Ånen Werdal

Ordførar i Hægebostad, Ånen Werdal.

– Forskingsrapportar seier at dersom du skal få opp likestilling og levekår er det viktig å ta fatt heilt på barnehagestadiet, seier ordføraren.

Vil ringe far om sjukt barn

Kor mykje av utdanninga som skal betalast er førebels ikkje bestemt, men ordføraren meiner det er naturleg at desse mennene binder seg til barnehagane i Hægebostad i to år.

Eit anna tiltak kommunen no set i verk er å ringe far når eit barn i skule eller barnehage vert sjukt. Dette handlar kort og godt om å endre haldningar, ifølgje ordføraren i kommunen.

– I dag er det nokså naturleg at dei ringer mor. Det har kanskje noko med at dei trur at mor er meir tilgjengeleg anten på arbeidsplassen eller heime, seier han.

Etter at Hægebostad har fått mykje kritikk for å vere dårlege på likestilling her politikarane gjort grep. Det er sett ned eigne utval for å få kvinner meir delaktige i politikk og samfunnsliv.

Werdal vedgår at det kan bli litt vel mykje prat om likestilling.

– Eg trur ikkje mesteparten av innbyggjarane er veldig opptekne av det, men nokon er det. Eg tykkjer det er litt interessant når ein vert lagt merke til. At ein ikkje skubbar det under teppet og seier at det ikkje er noko problem, men at vi gjer noko med det, seier ordføraren.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %