Hopp til innhold

Yppa seg mot russarane, men...

(FØRDE - NOVY URENGOY 0-3): Førde yppa seg i periodar mot den russiske overmakta i europacupen på heimebane. No ventar ein lang reise til Sibir, med store utgifter - og forsvinnande små sjansar til siger.

Lars Fredrik Tvinde i angrep mot Novy Urengoy

GOD - MEN IKKJE GOD NOK: Lars Fredrik Tvinde og Førde heldt i periodar følgje med den russiske storfavoritten, men det var likevel aldri tvil om kor sigeren skulle ende.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg synest vi gjer mykje bra, men denne kampen viser at dei er verdsstjerner, og vi er amatørar. Med maksimal utteljing kunne vi ha teke eit sett om vi hadde spelt maks og dei på 60 prosent - men dei har så mykje meir inne, seier Lars Fredrik Tvinde etter kampen.

Han var ein heimelaget sine spelarar som beit best ifrå seg, og spesielt i det andre settet var Førde med på notane. Sunnfjordingane hang med russarane til 14-14. Så var det i realiteten game over.

Kampen enda med tre strake sett (18-25, 18-25, 14-25) til Fakel Novy Urengoy.

Men det er kanskje ikkje så rart:

– I september slo dei laget som vann Champions League i fjor, og dei vart nummer to i klubb-VM sist sesong. Dei får mange millionar i lønn, det gjer ikkje vi. Éin spelar hos dei har vel heile klubb-budsjettet vårt. Men det er utruleg moro å spele mot dei likevel, seier Tvinde.

Må ut med opp mot 200.000,-

No ser han saman med resten av Førde fram til returkamp i Sibir om tre veker.

Det er ein kamp der sunnfjordingane nok ikkje har så mykje å hente reint sportsleg. Likevel kostar det klubben flesk.

– På heimebane går slike arrangement greitt økonomisk. Men ei reise til Sibir er ei anna utfordring, stadfestar leiar Sindre Roska.

Førde må nemleg reise med alle spelarane i midtveka. Dei tek fly til Moskva, og reiser deretter vidare til Sibir med nytt fly. Spelarane ordnar seg sjølve med fri frå jobb og skule.

– Vi har sett av 200.000 kroner i budsjettet til bortekampen i i Sibir. Men trur ikkje det blir så dyrt, det er billegare billettar frå Moskva og nordover. Så det ser ut for at vi klarer oss fint innafor budsjettet, seier Roska.

(Artikkelen held fram under videoen)

Førde volleyballklub tapte mot Novy Urengoy

VIDEO: Klipp frå kampen i Førdehuset. Foto og redigering: Alf Vidar Snæland

Lang reise til Sibir

Leiaren understrekar at det er verdt pengane. Og han er glad for entusiasmen rundt klubben, ikkje minst er han takksam for dugnadshjelp frå om lag 60 personar i samband med kampen.

– Returkampen blir ein ny kjekk kamp. Eg håpar vi klarer å prestere like bra då, seier Lars Fredrik Tvinde.

Han veit det iallfall ikkje blir lettare på bortebane. Og russarane lovar at Førde ikkje skal få nokon dans på roser:

– Det blir ei lang reise for Førde, akkurat som for oss. Det er ned mot 28 minusgrader i Sibir no. Og eg kan love at vi ikkje skal undervurdere motstandaren, seier oppleggjar Valerio Vermiglio.