Hopp til innhold

Heldt seriemeisteren til uavgjort ved pause - men måtte gå poenglause av bana igjen

(SOGNDAL - STRØMSGODSET 1-3): Sogndal heldt følgje med Strømsgodset til pause, men så vart det tydeleg at kampen stod mellom topp og botn i eliteserien.

Godset scorer mot Sogndal

OPP I LEIING: Her festar Strømsgodset grepet om oppgjeret på Fosshaugane, og går opp i 1-0.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Godset styrte - Sogndal kontra...

Rune Bolseth starta kampen som spiss i ein 3-5-2-formasjon. Han var eit uromoment frå start, men det var Strømsgodset som tok føringa i kampen med 0-1 etter berre seks minutts spel.

Men målscorar Marius Høibråten kunne ikkje juble lenge, for berre tre minutt seinare fekk Sogndal frispark på kanten av 16-meteren.

Ørjan Hopen tok fart og viste at frisparkfoten er inntakt: Frå 17 meters hald klinte han ballen inn i keeperhjørnet til 1-1.

Utover i omgangen hadde både Peter Kovacs og Ulrik Flo gode sjansar, men utan å få nettkjenning. Den regjerande seriemeisteren hadde ballen mykje, men Sogndal var giftige på overgangar.

Den største sjansen hadde Ulrik Flo etter 31 minutts spel, då han fekk hovudet på eit innlegg frå høgre. Headinga var litt for dårleg plassert, og trefte keeper Adam Larsen Kwarasey midt i fanget.

Ørjan Hopen prøvde seg på ein volley frå 20 meter, men trass eit sus av forventing blant pulikum vart det ikkje mål - men stuss til corner. Omgangen ebba dermed ut på 1-1.

...og etter kvilen festa Godset grepet

Sogndal opna andre omgang med eit angrep på venstresida. Rune Bolseth kom til innlegg, men ingen av spelarane inne i feltet var i stand til å få ballen i nota.

Imot spelets gang tok Strømsgodset leiinga seks minutt inn i andre omgang. Eit innlegg frå høgre trefte etter litt klabb og babb Gustav Wikheim i ansiktet, før ballen sneik seg inn nede i Mathias Dyngeland sitt høgre hjørne.

Dei neste minutta hadde bortelaget to nye sjansar til å auke leiinga, før Sogndal igjen fekk losna skot mot Godset-målet. Kampbiletet vart mykje likt spelet før pause, med Strømsgodset som det mest spelande laget.

Etter 63 minutt raga Peter Kovacs høgast i feltet, og fekk heada mot mål. Dessverre for drammensarane vart headinga for svak. Sju minutt seinare var Petter Strand frampå for heimelaget, men han fekk ikkje fart i skotet frå 18 meter.

Laga hadde spelt i 79 minutt då Peter Kovacs steig til vers, sette pannebrasken til ballen og gav gjestene 1-3. Det var også spikaren i kista.

Strømsgodset var eit par nummer for store for Sogndal, som var farlege på kontringar, men som i realiteten ikkje var i nærleiken av å ta poeng frå effektive Strømsgodset.

Sogndal står dermed framleis med berre eitt poeng på fire kampar. Strømsgodset ligg derimot trygt plassert på toppen av tabellen.

NRK kjem tilbake med reaksjonar frå spelarane etter kampen.