Hopp til innhold

Ynskjer ny UP-satsing velkomen

– Urovekkande, seier fylkessekretær Audun Heggestad i Trygg Trafikk etter at 43 bilførarar vart stogga med for høg fart under ein trafikkontroll torsdag.

Audun Heggestad

VIKTIG: Audun Heggestad i Trygg Trafikk meiner det er viktig med variasjon i både lengd og soner på fartskontrollane.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Resultatet etter ein seks timar lang fartskontroll i 80-sona gjennom Våtedalen, mellom Gloppen og Jølster, var nedslåande.

Heile kontrollen stod Utrykkingspolitiet på ein og same stad. 43 bilistar fekk forenkla førelegg.

– Det er ganske mykje. Sju førelegg i timen er meir enn dobbelt så høgt i timen som snittet for alle laserkontrollar i Sogn og Fjordane, seier distriktsleiar Terje Oksnes i Up.

– Viktige kontrollar

Utrykkingspolitiet har tidlegare år fokusert mykje på kontrollar i tettbygde strok. I år aukar dei fokuset på høgare fartssoner – utanfor tettbygde strok. Det likar Sogn og Fjordane sin fylkessekretær Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

– Det er der ulukkene skjer, og det å halde farten nede er eit viktig bidrag til å halde ulukkestalet nede, seier han og er uroa tal fartsoverskridingar torsdag.

– Det viser kor viktig det er å ha kontrollar på vegane, slik at folk ikkje held for stor fart, seier han.

Høgare fartssoner

Terje Oksnes, UP

NYTT FOKUS: Distriktsleiar Terje Oksnes i Up, seier patruljane i år vil samarbeide tettare og fokusere meir enn tidlegare på fartskontrollar utanfor tettbygde strok.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Oksnes er leiar for utrykkingspatruljane frå Haugesund til og med Sogn og Fjordane. Han seier det framover blir oftare kontrollar i 70- og 80-soner. I tillegg vil patruljane samarbeide meir.

– Vårt hovudmål er å avgrense ulukker med hardt skadde og drepne. Dei siste 10–15 åra har 75 prosent av alle ulukker med hardt skadde eller drepne i vårt distrikt, skjedd i 70-80-sona, grunngjev han.

– Men vi kjem framleis til å ha stor aktivitet også i lågare fartssoner, legg Oksnes til.

– Viktig med variasjon

Trafikkontrollen torsdag var uvanleg lang for å vere på desse kantar, og Heggestad i Trygg Trafikk er glad for at Utrykkingspolitiet er uføreseielege. Både med tanke på kvar patruljane står, og kor lenge dei står.

Utrykkingspolitiet varslar også fleire kontrollar på kveld- og nattetid.

– Variasjonen er viktig, for då vil ein aldri vere heilt trygg nokon stad. Det er sjølvsagt viktig å leggje kontrollane til tidspunkt der det er risikofull køyring, som på kveldstid, nattetid og i helgar, seier han.