Fjellfilm-festival på Turtagrø - Foto: Joachim Vie / NRK
Foto: Joachim Vie / NRK

Yngre medlemmer i DNT

Den Norske Turistforening har no ein kraftig medlemsauke blant ungdom.

Dei siste 15 åra er snittalderen i foreininga redusert med heile 10 år.

Og i helga var dei unge i DNT med å arrangere Fjellfilmfestivalen på Turtagrø, ein festival for og av ungdommen.

Dei to camparane Anne Martine Rustad og Maria Hjulnes Skram på 26 og 24 år har akkurat fått fyr på primusen. De sit ved teltet på ein åstopp over Turtagrø Hotell og prøver å lage middag. Saman med tre andre grupper har dei vore med fjellsportgruppa til Den Norske Turistforening - DNT - på guida tur.

Kristin Krohn Devold og Merete Habberstad - Foto: Joachim Vie / NRK
Foto: Joachim Vie / NRK

Der har også Kristin Krohn Devold, generalsekretær i DNT. Ho  kan konstatere at på under femten år har gjennomsnittsalderen til medlemmene gått ned frå 42 til 32 år. Og akkurat denne helga vart fjellfilmfestivalen, sjølve mekkaet for unge film- og friluftsintereserte, arrangert for fjerde gong. Festivalen starta med under 100 publikummarar og har vakse til over 500 i dag.

Krohn Devold legg ikke skjul på at denne festivalen er viktig for DNT sitt namn og rykte.

Størsteparten av æra for at DNTs får fleire unge medlemmer får Frode Bjørgo, leiar i DNTung. Han mener DNTung er med på å endre de gamle oppfatningane av DNT som gubbete og tregt.

 

Politiet applauderer forslaget om å kutta både i talet på politidistrikt og lensmannskontor. 
Men dei ser samstundes at sentraliseringa kan bli utfordrande...
Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.
Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.