Reporter Arve Uglum ser videoen som syner ulykka der Tord Are Meisterplass knekker nakken og blir lam.

ORKAR IKKJE SJÅ: Tord Are Meisterplass let NRK sjå filmen der han ramlar stygt på ski. Sjølv sit han på naborommet med hendene for øyro.

Videoen han ikkje orkar å sjå

I same augneblinken som nakken til Tord Are knakk, knakk også sjølvbiletet hans. Augneblinken har han på opptak frå hjelmkameraet sitt, men videoen har han aldri orka å sjå.

– Eg veit det høyrest overflatisk ut, seier Tord Are og tek ein pause medan han tenker.

– Men sjølvbiletet mitt var veldig knytt til kroppen min. Det å vera sterk og sunn var viktig for meg. No er eg sunn, men ikkje sterk lenger, og det dreg ned sjølvbiletet mitt. Eg er ikkje den eg var og snakkar heile tida om den gamle meg.

Den nye Tord Are Meisterplass sit i rullestolen sin heime hjå mor og far i Sogndal. Her har 26-åringen budd sidan han vart utskriven frå sjukehuset i desember, medan han har lært seg å meistra den nye kvardagen, ein kvardag der han er lamma frå skuldrene og ned, og kan røre armane, men ikkje fingrane.

Eg er ikkje den eg var, og snakkar heile tida om den gamle meg.

Tord Are Meisterplass

Han flyttar seg raskt ut og inn av rullestolen og brukar mobiltelefonen forholdsvis raskt med eit hjelpemiddel. Han har framleis ein aura av styrke rundt seg, men seier sjølv at det berre er på utsida. Inntil vidare i alle fall. Han jobbar med saka.

Profilbildet hans på Facebook viser oss den gamle Tord Are, i bar overkropp hengande etter armane frå ei klippe med kraftig overheng i Australia. Den gamle Tord Are ser ut som ein olympisk atlet. Musklane på profilbiletet er i heilspenn, og dei er mange og store. Han var ein aktiv fyr, ekstremt aktiv, blir eg fortalt, ski og klatring for det meste, reiste mykje og budde gjerne i bilen.

Tord Are Meisterplass klatrar i Australia
Foto: thesurcuitclimbing.com

I rullestolen heime hjå foreldra er den nye Tord Are tynnare, håret er lengre, brunfargen er borte, men blikket og smilet er det same. Det der gutungeblikket borar inn i deg og fortel at han fyren her er klar for alt. Han kan kaste seg ut i kva som helst på ein augneblinks varsel.

Det er berre at blikket lyg. Han kan ikkje kasta seg ut i så mykje lenger, sjølv om det i dag er nydeleg vêr og fjellsportfestival i Sogndal. Mor og far har insistert på at kompisane hans som pleier å ligge på madrassar i heile huset skal koma i år og, sjølv om Tord Are ikkje blir med på ski. Den gamle Tord Are var første mann som la av garde, og han som maste om å ta på att skifellene og gå opp ein tur til på slutten av dagen. Den nye Tord Are er heime, åleine.

– Det er ikkje så gale som ein skulle tru. Eg er med dei om morgonen og fortel dei om linjer dei må prøva den dagen, og så lever eg gjennom dei. Når dei kjem att og me ser gjennom filmane dei har teke, så har eg det fint. Eg vil ha alle detaljane, og når me sit og drikk øl og pratar om kveldane, har eg det topp. Då er det nett som ingenting har forandra seg. Eg lever mykje gjennom andre, seier Tord Are, oppriktig begeistra.

Tord Are Meisterplas og Natalie Brennan
Foto: Privat

Ropte på hjelp i fem minuttar samanhengande

Den gamle Tord Are la ut på sin siste skitur 22. mars 2015. Like utanfor heisanlegget i Hodlekve heime i Sogndal valde han ei linje han var godt kjend med, litt bratt, nokre høge hopp, men ingenting mot det han like gjerne kunne ha vald, berre vanleg skikøyring for dei som er litt betre til det enn folk flest. Det er kaldt, det er nysnø og akkurat slik han vil ha det.

På hoppet var eg kanskje tre meter over bakken. Det er ikkje så gale om du har litt fart når du landar, seier Tord Are med tankane i det siste svevet, eller det han hugsar av det, for no skulle alt forandra seg.

Ettter alt å døme har bindingane løyst seg ut i landinga. Han fall og sklei nedover mot nokre tre i høg fart. Han verna nakken og ryggen med armane.

– Eg hadde klart å ta imot om eg hadde treft med nakke eller rygg, for adrenalinet pumpa i heile kroppen, og eg var berre så klar. Men treet trefte toppen av hovudet, og der hadde eg ikkje nokon arm.

Eg var korkje redd eller lei meg. Eg tenkte at eg er fornøydd med livet mitt no. Om dette er slutten er det greitt.

Tord Are Meisterplass

Tord Are vil ut av rommet medan eg ser videoen han filma med hjelmkameraet sitt den dagen. Han har ikkje sett den. Ingen har sett den, men eg skal få lov. Eg ser den éin gong og vil ikkje sjå den igjen. Kameraet blir raskt dekka av snø, så du ser ingenting. Men du høyrer. Først eit knekk, så ein redd ung mann som ropar to ord, «nei» og «hjelp», igjen og igjen og igjen, i fem minuttar samanhengande. Då eg er ferdig, ropar eg på Tord. Han svarar ikkje, og eg finn han på naborommet med hendene for øyra. Han vil ikkje høyra heller. Men han samlar seg fort og mannar seg opp til å prate vidare.

– Eg hugsar eg tenkte at «okei, dette er kjedeleg, men eg må koma meg vidare». Eg tok sats for å reisa meg, men ingenting skjedde. Då forstod eg at eg hadde knekt nakken. Eg måtte ta det heilt med ro og ikkje røre meg så eg skada meg meir. Men eg måtte få hjelp fordi eg låg i snøen, og det var kaldt. Eg bestemte meg for å sjå meg om to gonger etter folk før eg la meg til. Eg låg der i fem minuttar før det kom nokon.

Kjærasten Natalie ved sjukesenga til Tord Are Meisterplass
Foto: Privat

Tord Are er utdanna geologingeniør og rasjonell til beinet, av den sorten som set heile livet sitt opp i exel-ark og reknar over det. Alt han fortel om den umiddelbare reaksjonen sin, høyrest gjennomført rasjonell og kaldt ut. Den unge mannen som låg og ropte i snøen i videoen eg nett såg, høyrdest ikkje fullt så rasjonell ut, men det får så vera.

Noko alternativ til å ligga i ro hadde han uansett ikkje. Brotet kom mellom nakkevirvlane c6 og c7.

Hugsar berre småting frå ulykka

Rundt han i snøen begynte ting å skje. Første forbipasserande la jakka sin over han og ringde Røde Kors. Dei neste som kom til, la sine jakker over han, og etter ein time var han på båre på veg mot luftambulansen. Kroppstemperaturen var då nede i 31 grader.

– Eg var korkje redd eller lei meg. Eg tenkte at eg er nøgd med livet mitt no. Om dette er slutten, er det greitt.

– I helikopteret, innpakka i teppe, tenkte eg at no er eg trygg. Eg hadde jobba så hardt med å halda meg vaken og for å halda panikken på avstand. No hadde eg gjort jobben min, tenkte eg. Så sovna eg. Dei neste vekene er litt sånn… Det var mykje morfin, seier han med eit fårete glis.

Dei tre vekene inneheldt eit døgn i nakkestrekk for å trekke ut att nakkevirvlane som låg over kvarandre, fire døgn i kunstig koma og enorme mengder smertestillande.

– Eg hugsar berre småting, som at eg vakna i ørska og kjeda meg. Alt er uklart.

Så vart alt klart, og ein ung mann måtte forsona seg med den han hadde vorte, og at den han var aldri kjem att på same måten.

– Eg har aldri vore religiøs, men då eg vakna etter operasjonen, var eg langt nede. Eg hugsar eg låg på rommet midt på natta med ein sjukepleiar som passa på meg, og ein annan pasient. Eg var åleine med tankane mine og fekk ikkje sova. Det er den einaste gongen i livet mitt eg har spurt etter presten. «Eg treng nokon å prate med. Har de ein psykolog på huset?» Nei, men dei hadde prest. Eg bad dei vere så snille å sende ho til meg med ein gong. Då var eg langt nede. Presten sa at Gud var med meg, og eg berre takka og bukka.

– Du tok imot alt då?

– Ja. Alle klutar til vinden.

Bestemte seg for å beskytte kjærasten

Hjelmkameraet med minnekortet frå den 22. mars vart liggande. Folk har fått tilbod om å sjå, men ingen av dei som står nærmast han, ville.

– Mor mi sette ned foten på sjukehuset og sa at «den er Tord sin. Ingen ser den før han er klar». Eg har begynt på den nokre gonger, men ikkje greidd å gjennomføra.

Det var ikkje godt for ho. Eg bestemte meg for at dette skulle ho sleppe å sjå meir.

Tord Are Meisterplass

I månadene som har gått har han lært alt på nytt. Det starta med pusting, heldt fram med eting, og no er målet å klare å reise seg opp frå golvet dersom han dett ut av rullestolen. Han har langt att før han klarer det, men han har mål å strekke seg etter. Den største motivasjonsfaktoren heiter Natalie Brennan frå Australia. Ho er mørk i håret og ser nøyaktig ut som ei slik dame som den gamle Tord Are, muskelbunten som dingla frå klippa, ville fått seg.

Dei møttest då han studerte i Australia, dei har reist verda rundt og klatra saman. Etter ulukka flytta ho til Norge og blei her i seks månader, og snart er ho tilbake.

– Dæven, ho er viktig, altså… Det er ein kjip tanke, men ei stund etter ulukka tenkte eg at no kan eg ikkje treffe damer lenger. Eg må berre halda på ho eg har om eg vil ha ein familie. Eg begynte å lure på om eg hadde halde på Natalie uansett kva eg hadde følt for ho.

Her er Tord Are Meisterplass tilbake i fjellet etter den alvorlege ulykka.

No veit han kva han føler, og framtida ser lys ut på det området. No flytter dei til Bergen i lag, han omskulerer seg til «kontorarbeidar», som han seier sjølv. Det nye livet startar no, ilag med Natalie.

– Altså, eg veit at eg framleis kunne treft andre. Eg måtte berre ha gått ut av komfortsona. Natalie er ikkje min einaste sjanse, men det er ho eg vil ta sjansen med.

Tord Are er flau no. Slike kjærleikserklæringar trillar ikkje lett or munnen til ein innfødd sogning, men av og til må det berre ut.

– Ho er nydeleg. Eg var kanskje meir oppteken av det ytre før ulukka, men no er det viktigast at folk er snille, men ho er nydeleg på alle måtar. No skal eg flytta ut av reiret att, og bu saman med ho i Bergen. Det skal bli så godt å klara seg sjølv igjen.

Då ho hasta til Norge etter kjærasten, møtte ho ein mann som ikkje kunne gjera noko lenger. Den ein gong så sterke kjærasten hennar måtte hjelpast av to pleiarar, og løftast med heis for å kome opp i senga. Det såg ho berre éin gong.

– Eg såg det i augo hennar. Dette var ikkje godt for ho. Då bestemte eg meg for at dette skulle ho sleppe å sjå meir.

Skuldrene verkte så han ville skrike av smerte, men heisen har stort sett stått ubrukt sidan den dagen. No kjem han seg frå stol til seng nesten hoppande. Han syklar med spesialsykkelen sin, og har teke til å køyre sit-ski og kjem seg opp bakkane til foreldra sitt hus, like fort med rullestolen som ein kvar gåande person.

– Det er ikkje realistisk at eg nokon sinne går igjen, men elles trur eg ikkje at eg har noko tak for kva eg kan klara. Eg pønskar på alt mogleg. Ein gong ville eg klatra sjutusenmeterstoppar som K2. Det går ikkje, men kanskje eg kan klara Eiger? Den er under 4000 meter, og der kan eg fira meg opp, viss eg gidd. Elles finn eg på noko anna. Kanskje eg skal bli verdsmeister i eitt eller anna? Eg har litt færre å konkurrera med no, mot seks milliardar menneske på jorda før, til 100.000 nakkeskadde? Det klarar eg om eg bestemmer meg.

Han veit at han ikkje har noko val. Den nye Tord Are må vera like aktiv som den gamle, om enn på ein annan måte.

– Natalie tolerer at eg er lam, ho tolererer ikkje at eg blir lat.

Tord Are Meisterplass viser fram sykkelen han kjem seg fram på.

Han ler. Det gjer han meir og meir, men ikkje alltid. Ingeniøren i han har rekna på det, sett det opp i eit exel-ark, og kome fram til at han sluttar å le om lag kvar 14. dag. Det kan skje no snart, på grunn av eit fenalår til dømes Han elskar fenalår, det ligg eitt i matskåpet, men han klarar ikkje få tak i det åleine, slike ting.

– Det skjer alltid når eg prøver på eitt eller anna og ikkje får det til. Då kjem det eit svart hol i magen på meg, og eg vil berre sparke og skrike. Då går eg heilt i botn og er der ei stund. Så må eg koma meg ut. Rulle i stolen, sykle eller noko. Få litt vind i håret. Då fell ting på plass att etter ei stund.

For aktivitetsnivået tek til å nærma seg det det ein gong var. Fysisk aktivitet er medisin mot alt tungsinn for den nye Tord Are. Nett som det var for den gamle.

Nathalie tolerer at eg er lam. Ho tolererer ikkje at eg blir lat.

Tord Are Meisterplass

– Sykling er enkelt. Verkar ikkje føtene dine, seier du? Då brukar du armane på ein spesialsykkel. Padling er enkelt og. Ski er litt meir komplisert, men ikkje så veldig, seier han, og påpeikar at det står ikkje på hjelpemiddel.

– I mange land hadde eg døydd av skaden min, i mange andre hadde eg overlevd men berre vorte liggande i ei seng. I Norge er det ikkje slik. Her får du hjelpemiddel til alt. Me tek det for gitt, men eg tenker ofte på kor glad eg er for å vere norsk når ting blei som dei blei. Det hadde vore vanskeleg å vera aktiv utan alle hjelpemidla.

Og padlar, syklar og renn han lenge nok, kan han kanskje igjen få eit kompliment han faktisk tek til seg, for noko som hadde vore imponerande uansett kven som hadde gjort det.

– Eg utstår det ikkje når folk seier «så flink du er som klarar å kome deg opp i senga sjølv». Alle skal klara det. Eg har dei same standardane som andre. Skryt for trivielle ting som å rulla ned på butikken gjer meg berre sur.

– Gje meg litt tid, så imponerer eg folk igjen. Berre vent.