SCENEKLAR: Toralv Maurstad er klar for nok ei rolle, i sitt nittiande år. Denne gongen handlar det om livet saman med skodespelarforeldra. Foto: Arne Stubhaug / redigering: Ole Andre Rekkedal

«Når eg ein gong blir gamal ...»

BRYGGJA / EID (NRK): Han er inne i sitt nittiande år her på jorda, men Toralv Maurstad ser ingen grunn til å kvile på laurbæra.

NRK møter norsk teater sin «Grand old man» på småbruket Tuftene i Ytre Nordfjord. Ute er det fleire minusgrader, men Toralv Maurstad sitt hjarte bankar framleis varmt og sterkt.

– Når eg ein gong blir gammal, så blir det for tungt å trekkje opp båten, seier han, ler og peikar på båtopptrekket han har fått montert i naustet.

Det var her på Tuftene faren til Toralv vaks opp. Alfred Maurstad blei fødd inn i fattigdom i 1896, men talentet for skodespel og musikk var så stort at vegen måtte gå til dei store byane og teatera.

– Far var jo oppvaksen på garden her, og det var ein lang veg herifrå til Nationaltheatret. Dei var sju ungar og vaks opp i den fattigdomen og slitet det var på den tida. Eg tykte det var morosamt å lage eit program om korleis talentet sprenger seg veg inn til hovudstaden og inn i folk sine hjarte, fortel Toralv Maurstad.

Ein heilt spesiell oppvekst

No skal 89-åringen igjen stå på scena, og denne gongen handlar stykket nettopp om faren Alfred og mora Tordis. Ifølgje Toralv var det å vekse opp med to kjende skodespelarar som foreldre heilt spesielt, men likevel godt.

– Eg var jo einebarn og det var ikkje så ofte dei var heime. Far og mor øvde jo fele, dikt og roller, så eg hadde jo teateret heime. Eg tykkjer spesielt det er hyggeleg å kunne snakke om mor mi. Ho var jo kanskje vår største tragedie-skodespelar og spelte jo greske tragediar, Shakespeare og slike stykke. Ho blei aldri noko TV-stjerne, så det er ikkje så mange så veit noko om ho no.

Toralv, Tordis og Alfred Maurstad

BLINKSKOT: Toralv, mor Tordis og far Alfred Maurstad i lag. Eit sentralt trekløver i norsk kulturliv.

Foto: NTB Scanpix

For Alfred Maurstad sin del var han kanskje langt vekke frå teateret, men allereie før han sette foten inn der var han prega av skodespel og musikk. Sjølv då han gjekk på underoffisersskulen i Bergen brukte han fritida på dette. Då spelte han til dans i bygdelaga og var statist som negerslave på Den Nationale Scene.

Medan foreldra spelte stadig nye roller, glei den unge Toralv sjølv inn i teatermiljøet. For nordmenn i fleire generasjonar er han kjend og respektert, og har spelt alt frå Ibsen til Hotel Cæsar. Og han forsikrar at framleis så er det arven etter foreldra han forvaltar.

– Per Aabel sa til meg ein gong at «Din far er geni han, akkurat som jeg». Så far hadde ei uvanleg gåve, og ein utruleg musikalitet i kroppen. Han spelte Fanitullen i Aulaen i Oslo med filharmonisk orkester, men han kunne ikkje notar. Han var sjølvlærd.

Store sko å fylle

Alfred Maurstad hadde ei lang karriere som skodespelar. Han debuterte i 1920 på Det Norske Teatret i stykket «Erasmus Montanus». Han vart raskt ein viktig mann for teateret og spelte fleire store roller.

Tordis Maurstad fekk sin debut i stykket «Fjellsjøheidningen» i 1923. Også ho var sterkt knytt til Det Norske Teatret, og omtrent heile hennar karrieren var knytt hit.

Det er ikkje tvil om kor sonen Toralv henta inspirasjon frå. Og han er stolt over foreldra. På same måte som Nordfjord er stolte over at ein av dei store skodespelarane i norsk historie vaks opp her. Faktisk så stolte at dei sette opp ein statue av Alfred Maurstad på Nordfjordeid.

Toralv Maurstad på Eid

TORALV OG FAR: I Eid sentrum står statuen av Alfred Maurstad. I operahuset like ved står Toralv på scena med si hylling til foreldra.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Alltid litt nervøs

No gler Toralv Maurstad seg til å kunne vise fram oppveksten sin på ein heilt annan måte enn han tidlegare har gjort.

Det blir nokre få, og eksklusive framsyningar med Toralv Maurstad og stykket «Tordis + Alfred = Toralv». I alle fall førebels. Å seie ja til å stå på scena er noko Toralv endå ikkje har tenkt å lære seg.

– Eg ser fram til det, men eg er alltid litt nervøs. Når eg skal spele her så vil eg jo gjerne at det skal vere bra. Ein skal jo fortelje det såpass engasjert og levande at det smittar til publikum. Det er alltid ei spenning om forteljargleda kjem.

Sjølv om han har spelt tusenvis av framsyningar frå dei mest ulike teaterscener og på film, så meiner han oppriktig at sceneskrekken framleis er der, og at den må vere der.

– Eg har ein teori om at ein må ha lyst til å spele, lyst til å fortelje. Det å spele ei rolle på teateret er jo eigentleg å fortelje om eit anna menneske. Lysta til å fortelje må vere der, men angsten for at du ikkje er god nok må også vere der. Om ikkje så blir ein berre ein glad amatør, som det heiter.

Toralv Maurstad

HYLLER MOR OG FAR: Toralv Maurstad (89) vaks opp med foreldre som var blant dei mest kjende skodespelarane i landet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kjensler som eld og vatn

Han hevdar hardnakka at det ikkje er vanskeleg å vere glad eller lei seg på scena, for nokon.

– Men dersom du skal vere glad i eit selskap og likevel vere sjalu som eit helvete, og ikkje vise det til nokon. Korleis skal ein få fram hatet eller sjalusien dersom ein går i ein vanleg samtale?

Toralv Maurstad ser på ingen måte ut som han er 89. Frisk og vital, og full av ein gneist det er få på hans alder forunnt. Kanskje er det dei sterke kjenslene frå eit langt sceneliv som slår igjennom gong på gong.

– Desto sterkare glede ein har for å vise fram, og større angst du har for at du ikkje skal vere god nok, skapar spenning. Dess sterkare dei tinga er mot kvarandre, dess større blir konsentrasjonen. Det er eld og vatn, seier teaterveteranen.

Når angsten går over

Han vandrar rundt på småbruket Tuftene, der faren vaks opp og der Toralv sjølv har vore så mange gonger som barn, ung og som vaksen.

Det er her han finn fridomen frå teateret, sjølv om det er på scena han framleis trivst aller best. Uansett kor mykje sceneskrekken tek han – kvar gong.

– Om ein ikkje har den angsten, så har ein heller ikkje styrken i konsentrasjonen heller. Angsten gir energi, men så kjem ein inn på scena, så går det over.