Thomas Mardal (t.h.) trenar styrke saman med Evald Osnes Devik

TRENAR HARDT: Thomas Mardal (t.h.) har allereie klart kravet til junior-VM og kan no trene hardt saman med Evald Osnes Devik.

Foto: Rune Fossum / NRK

Talenta stormar ut i verda

SANDANE (NRK): Sogn og Fjordane kan bli representert med heile seks kastarar og løparar i internasjonale meisterskap til sommaren.

– Det er utruleg stilig å få vere ein del av bølga med gode utøvarar som kjem no. Det er jo ein liten gullalder, seier Thomas Mardal.

Han har allereie klart kravet til junior-VM i Polen til sommaren. Det gjorde 19-åringen frå Gloppen allereie i det aller første diskoskastet for sesongen.

– Det var ei stor lette å klare det så tidleg. No treng eg ikkje tenkje på det, og kan leggje ned hardtrening i staden for å spisse forma for å klare kravet, seier han.

Thomas Mardal er ein av heile seks utøvarar frå Sogn og Fjordane, som er høgaktuelle for internasjonale meisterskap på junior- og seniornivå denne sesongen. På programmet står senior-EM, junior-VM og OL.

– Det syner at vi har talent som blømer, og at dei blir godt tekne vare på i klubbane. Det er gledeleg at vi har så mange, seier Narve Heggheim i friidrettskrinsen.

1. Øyvind Strømmen Kjerpeset, Florø

400 meter hekk-spesialisten har i fleire år hatt OL i Rio som det store målet. Har i vinter slite med sjukdom i nokre veker, og fryktar han er sett litt tilbake. Men satsar hardt mot EM, og håpar han kan kvalifisere seg til OL med gode prestasjonar der. Har personleg rekord på 49.95 sekund.

– På grunn av sjukdomen må eg forskyve litt på planane, og halde fokus på EM. Og kven veit, kanskje har eg hatt godt av tre vekers treningsavbrekk, seier Kjerpeset.

  • EM-krav 400 meter hekk: 51.00
  • OL-krav 400 meter hekk: 49.40

Narve Heggheim sin kommentar: Trente godt i vinter, fram til han vart sjuk. Det blir spennande å sjå korleis han ligg an. Spring han opp mot sitt beste, er han aktuell for OL – men først får vi sjå kva han klarer i EM.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

MOT EM – OG OL: Øyvind Strømmen Kjerpeset er på veg tilbake etter å ha fått bronkitt i vinter. Han håpar treningsavbrekket ikkje har sett han for mykje tilbake.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

2. Eli Anne Dvergsdal, Jølster

Tok EM-sølv i motbakkeløp i fjor, og har VM i Bulgaria som naturleg mål. Bør vere blant dei første som blir tekne ut. Er også aktuell for EM i fjelløp og EM i halvmaraton, men er førebels usikker på om ho satsar mot desse meisterskapa.

– Eg veit lite om nivået i VM, og har tenkt å vere med for å lære. Så håpar eg på ein topp ti-plassering. Det kjem fleire moglegheiter seinare, seier Dvergsdal.

Narve Heggheim sin kommentar: Det blir spennande å sjå korleis løypa blir i VM, det varierer frå år til år med høgde og trase og slikt. Men Eli Anne er ein heit kandidat til VM.

Eli Anne Dvergsdal

MOT SENIOR-VM: Eli Anne Dvergsdal er aktuell for VM i motbakkeløp.

Foto: Stig Høynes / NRK

3. Marius Vedvik, Førde

Langdistanseløparen har hatt ei trøblete sesongopplading med småskadar, sjukdom og ein meir alvorleg skade som har sett han ut av normal trening siste sju vekene. Satsar på å vere i trening igjen i mai, og målet er å delta på 5000 meter under EM i Amsterdam. Håpar å nærme seg dei 20 beste under EM i terrengløp på slutten av sesongen, og kan vere aktuell for EM i halvmaraton.

– Først og fremst er målet no å få ein kropp som toler tøffe treningsmengder. Men eg har såpass bra trenings- og konkurransegrunnlag frå tidlegare, at eg har trua på å få ein god sesong etter kvart, seier Vedvik.

  • EM-krav 5000 meter: 13:40.00

Narve Heggheim sin kommentar: Skaden har vore ei ny oppleving for han, og eg håpar han kjem seg til hektene igjen. Så snart skaden slepper taket og han får trent kvalitet igjen, kan han absolutt melde seg på kampen om plass i EM.

Marius Vedvik på 10.000 meter i NM

MOT SENIOR-EM: Marius Vedvik er tilbake etter skade, og vil til EM på 5000 meter.

Foto: Rune Fossum / NRK

4. Kristi Strømmen Kjerpeset, Florø

Prioriterer 100 meter hekk og satsar hardt mot junior-VM i Polen. Andre meisterskap er også aktuelle. Har hatt stor framgang i vinter, etter nesten fire år utan skikkeleg kontinuitet i treninga. Tok NM-gull i vinter, og er veldig motivert for vidare satsing.

– Denne sesongen håpar eg å få vist det eg er god for. Det er utruleg moro å sjå kor bra det går, no som eg er frisk og skadefri. Eg gler meg veldig til å få konkurrere med bein som endeleg har fått ein god treningsvinter, seier Kjerpeset.

  • Krav junior-VM 100 meter hekk: 14.20

Narve Heggheim sin kommentar: Det er gledeleg å sjå at ho er tilbake for fullt – og vel så det. Ho er sterkare enn nokon gong. Eg håpar og tippar ho tek kravet rimeleg tidleg i sesongen, og at ho får førebudd seg godt inn mot meisterskapen.

Kristi Strømmen Kjerpeset

MOT JUNIOR-VM: Kristi Strømmen Kjerpeset tok NM-gull i vinter, og er tilbake for fullt.

Foto: Eirik Førde

5. Thomas Mardal, Gloppen

Er allereie klar for junior-VM i diskos, og kan komme til å klare kravet også i slegge. Har ambisjonar om finaleplass, og kan bli blant verdas ti beste diskoskastarar. Kasta 55,85 meter allereie i det første kastet for sesongen.

– Målet er å komme til finalen. Så no handlar det mykje om å komme i gang med sesongen og finne konkurranseformen. Etter VM er det norske meisterskap og nordisk, der eg bør ha medaljesjansar, seier Mardal.

  • Krav junior-VM diskos: 55,00
  • Krav junior-VM slegge: 68,00

Narve Heggheim sin kommentar: Han er i rute og verkar veldig solid. Går han til finale, vil det vere ein veldig sterk prestasjon. Det er mange om beinet. Ettersom han har teke kravet så tidleg, reknar eg med at han har meir inne.

Thomas Mardal

MOT JUNIOR-VM: Thomas Mardal vil til finalen i diskos.

Foto: Truls Kleiven / NRK

6. Henrik Holmberg, Vik

Mangekjemparen vart skadd under nordisk innandørslandskamp i Sverige, men er no tilbake etter skadeavbrekket. Sesongopna på elitecupen Multistars i Firenze i helga. Målet er å kvalifisere seg til EM i Amsterdam. Har personleg rekord på 7173 poeng.

– Vegen tilbake etter skaden har gått veldig bra, og eg er no betre fysisk rusta til ein god sesong enn nokon gong før. Teknisk har eg gjort store framskritt i nøkkeløvingane stav, kast og ikkje minst hekk, seier Holmberg.

  • EM-krav mangekamp: 7800 poeng

Narve Heggheim sin kommentar: Rapportane seier at Henrik har hatt framgang i tekniske øvingar og kast spesielt, der han har størst potensial for å betre poengsummen sin i mangekamp. Blir spennande å sjå kva effekt det vil gi. Han kan nærme seg EM-kravet.

Henrik Holmberg i lengde

MOT SENIOR-EM: Henrik Holmberg har hatt framgang i sentrale øvingar i mangekamp.

Foto: Rune Fossum / NRK

PS: Friidrettssesongen er så vidt i gang, med kastsamling og stemne for landslagskastarane i Gloppen i helga. Mangekjemparane deltok i Multistars i Firenze. Det første elitestemnet på bane er på Hamar 18. mai.