Brørne Tarjei og Johannes Thingnes Bø er VM-håp på heimebane

VENER OG KAMPHANAR: Tarjei og Johannes Thingnes Bø er brør, kompisar og konkurrentar. No kjempar dei om dei samme medaljane under VM på heimebane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sjekk så like dei er!

LILLEHAMMER (NRK): Har du tenkt at Bø-brørne er veldig like som personar? Du har rett. Og no er begge på jakt etter VM-gull på heimebane.

– Det er veldig avgjerande for idretten at vi fungerer så godt saman, seier Johannes Thingnes Bø (22).

Saman med broren Tarjei Bø (27) og resten av skiskyttarlandslaget reiser han verda rundt på jakt etter triumfar. Og dei har dei blitt mange av.

No er brørne klare for det som kan bli det store høgdepunktet i karrieren: VM i skiskyting i Holmenkollen.

Og stryningane har ein fordel dei andre ikkje har.

Slik svarte Bø-brørne på spørsmåla

SLIK SVARTE DEI: Her er skjemaet Bø-brørne fylte ut for NRK. Så godt som identisk - med unnatak av det første spørsmålet.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er godt å ha ein bror når vi reiser rundt omkring. Det er han eg kan vere mest ærleg med. Og vi veit vi har kvarandre om det skulle vere noko. Så det er ein bra tryggleik for oss begge, seier Tarjei Bø.

«Tenk deg VM i Markane, du!»

NRK set seg ned med brørne for å finne ut kor ulike – eller like – dei faktisk er. Eit skjema med ti spørsmål burde vise fram tydelege skilnadar, tenkjer vi medan Johannes set seg ned med ein raud tusj – klar for å svare på sin del.

– Tja. Eg likar jo best ståande skyting, men er best på liggjande, byrjar han.

– Kollen eller Markane? Den likar eg. Men eg er patriot, så det var vel ganske enkelt. Eg skulle gjerne hatt VM på heimebane i Markane. Tenk deg VM i Markane, du!

Han gjer seg raskt ferdig med det provisoriske skjemaet. Det blir mange raude kryss til venstre. No er det berre å vente og sjå. Kva svarer storebror?

– Eg tippar nok at vi er ganske like, utanom på det første spørsmålet. Eg trur Tarjei svarar ståande. Det blir spennande å sjå, funderer Johannes.

Bø-brørne på pallen

MEDALJE-JUBEL: Johannes Thingnes Bø (tv) og Tarjei Bø jublar etter VM-sprinten der dei kom på høvesvis første- og tredjeplass.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Det skal snart vise seg at veslebror kjenner den fem år eldre broren godt. Tarjei får ein blå tusj og fyller ut eit identisk svarmønster i skjemaet – med unnatak av det eine spørsmålet om skyting.

Han ler godt då han får høyre spådommen frå Johannes.

– Sa han det? Eg likar jo ståande skyting, sjølv om eg skyt betre på liggjande. Men det gjer jo alle, då liggjande er ei lettare øving. Eg likar særleg mann mot mann-duellane på siste skyting. For ofte har eg lukkast der, så eg har bra sjølvtillit på det, seier Tarjei.

– Er de så like som det kan verke?

– Ja, eg trur nok det. Vi er jo frå same familie og har like interesser. Det har vore naturleg. Og vi lever identiske liv, der begge likar å trene hardt og prestere. Dessutan likar vi å ha det artig med venner og slikt. Så vi har ein lik livsstil, seier Tarjei.

Trur begge kan kjempe om medalje

Idrettssjef Morten Aa Djupvik har store forventingar til dei to nordfjordingane framfor VM. Han meiner yngstemann har mykje å takke den fem år eldre broren for.

Vi lever identiske liv, der begge likar å trene hardt og prestere

Tarjei Bø / Tarjei Bø

– Tarjei har på mange måtar bana veg for Johannes. Det trur eg Johannes nyt veldig godt av. Tarjei har vore storebroren som har gått i bresjen og vist at det går an å bli ein av verdas beste skiskyttarar, seier Djupvik.

Han er overtydd om at brørne har ei styrke i kvarandre.

– Dei er knallharde konkurrentar, men har ei sterk tilknyting til kvarandre. Det hjelper nok dei begge. Samstundes er det mykje skjemt og moro, ler han.

Tarjei Bø skyter med soloppgang i bakgrunnen

STÅANDE: Tarjei Bø er glad i mann mot mann-duellar på siste ståande skyting.

Foto: Rune Fossum / NRK

Tarjei Bø debuterte i verdscupen med ein fjerdeplass på sprinten i Pokljuka i 2009. Prestasjonen la grunnlaget for at stryningen vart teken ut til OL i Vancouver same sesongen. Der tok Bø gull med det norske stafettlaget.

Sidan den gongen har 27-åringen vore ein etablert løpar i den ypparste verdstoppen.

Nokre år seinare – i 2013 – gjekk Johannes Thingnes Bø i fotspora til broren, då han fekk sitt internasjonale gjennombrot på seniornivå med sine to første verdscupsigrar i franske Le Grand Bornand.

Morten Aa Djupvik

SKJEMT OG MORO: Idrettssjef Morten Aa Djupvik (t.h.) meiner Tarjei Bø har gått opp løypa for sin yngre bror.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Dei siste sesongane har eldstemann vore den mest stabile av dei to. Johannes har derimot vore den som oftast har vitja det øvste trinnet på sigerspallen.

– Johannes er ein meir av eller på-løpar. Anten blir det siger, eller så hamnar han lenger ned på lista. Tarjei presterer jamnare, og det trur eg nok er på grunn av alder og treningsgrunnlag gjennom mange år. Klarer han å spisse forma og hente ut det siste, så er han heilt i toppen i VM, seier Djupvik.

– Johannes viste i fjor at han kan vinne, så han blir hard på sprinten. Eg håpar og trur begge kan vere med og kjempe om medalje på dei løpa dei stiller på, seier idrettssjefen.

– Det er ikkje tilfeldig at begge har blitt gode

Johannes Thingnes Bø er tittelforsvarar frå VM-sprinten for eitt år sidan. Tarjei Bø tok på si side ikkje gull, men det vart heile fem medaljar under meisterskapen i Kontiolahti.

– Eg er i forsvarsposisjon, men eg har lyst til å vinne eg også. Det hadde vore kult å få det til i Holmenkollen. Det ville vere eit høgdepunkt i karrieren, seier Johannes.

– Det er så små differansar på gull og medalje, at det ikkje er noko mål i seg sjølv å ta medalje. Og spesielt etter fjoråret, då eg ikkje klarte gull. Så eg håpar eg kan få ut dei siste prosentane og ta gull i år, seier Tarjei.

Johannes Thingnes Bø på standplass

LIGGJANDE: Johannes Thingnes Bø likar seg best på liggjande skyting. I motsetnad til broren, som helst måler krefter på ståande.

Foto: Rune Fossum / NRK

Brørne har dei same måla framfor VM. Gull er det einaste som gjeld.

Dei ler på same måte. Har same humor. Går slåande likt på ski.

– Vi har ulik hårfarge og slikt. Men elles er vi like som personar. Vi ler like rått av kvarandre. Så det er vel ikkje tilfeldig at begge har blitt gode. Det er tydelegvis ein eigenskap begge sit inne med, men som vi ikkje heilt klarer å setje fingeren på, seier Johannes og kastar eit blikk bort på Tarjei.

– Vi går kjempegodt i lag. Er veldig gode venner, sjølv om vi er brør og lagkameratar. Og vi blir meir og meir like for kvart år. Det er veldig kjekt å ha eit så bra forhold, seier storebror.

Brørne starta sesongen med åtte verdscupsigrar på kvar sin CV. Akkurat dét har veslebror klart å gjere noko med. No er det Johannes som har overtaket på Tarjei.

– Han har lege eitt år framfor meg i utviklinga heile vegen. Han tok ein medalje eller to meir enn meg i junior-VM. Han tok gull i VM eitt år før meg. Men eg ligg framfor han på medaljar i meisterskap, seier Tarjei Bø.

– Og han skal jobbe litt for å klare å ta meg att der. Han har føresetnader for å klare det, men jobben skal gjerast, gliser storebror.