Flydropp på Fannaråken

KJÆRT: Flydropp av aviser var eit kjærkomme innslag for dei som levde året rundt på vêrstasjonen på Fannaråken.

Foto: Kjell Hauge

Levde året rundt på 2068 m.o.h.

Kjell Hauge i Skjolden var ein av dei to siste som jobba på den heilårsbemanna vêrstasjonen på Fannaråken (2068 m.o.h.). Stasjonen vart lagd ned i 1978.

– Eg har berre gode minner! Det var ei fin tid, seier Hauge.

Fannaråken ligg på Sognefjellet i Luster, midt i Hurrungane med vidsyn så langt auga kan sjå. Men det er ein vêrhard plass, og det blir sagt at fjelltoppen har 322 skoddedagar i året. Norge Rundt laga reportasje frå vêrstasjonen 17. februar 1978. Då var stasjonen inne i sin aller siste sesong og 52 år med heilårs vêrobservasjonar gjekk mot slutten.

Og dei to siste som jobba på stasjonen var Hauge og Odd Magnar Krøkje.

At Hauge slo til på den noko spesielle jobben alt før han hadde fylt 18 år, var meir tilfeldig.

– Far min dreiv butikk på Skjolden, og slik var vi ofte i kontakt med dei på vêrstasjonen. Eg var ikkje gamle karen første gongen eg var på Fannaråken. Då moglegheita for jobb opna seg, tok eg sjansen, seier Hauge.

Fannaråken er i dag, som før, eit populært turmål. Frå Turtagrø er det om lag åtte kilometer å gå, ein tur som tek fire-fem timar opp og tre-fire timar ned. Men sesongen på turisthytta på Fannaråken er kort, og fjelltoppen er vêrhard.

– Eg var aldri redd, men når ein er ung så tenkjer ein ikkje så mykje på slikt. Men det er klart at når det bles orkan der oppe, så merka ein det godt, seier Hauge.

Attfrose glas Fannaråken

SNØ OG IS: Det la seg tjukke lag utanpå hytta på vinterstid.

Foto: NRK

Dei to som til ei kvar tid var på jobb på vêrstasjonen skulle hente inn vêrdata kvar tredje time døgnet rundt. På natta tok dei annakvar gong, noko som var seigt nok.

Når det bles orkan der på Fannaråken, så merka ein det godt.

Kjell Hauge

– Det var ikkje alltid like lett å stå opp, og når vekkjarklokka ringde, så vakna ofte den andre også. Men verst var det viss ein ikkje klarte å sovne att. Då vart det ei lang natt, ler Hauge.

Og viss du trur at det å hente vêrdata var å kikke på ein skjerm, så tek du feil. Uansett vêr og vind måtte karane ut av hytta og fysisk sjekke vindmålaren. Vinterstid måtte dei ofte klakke av is og snø som festa seg til materiellet.

– Men det var berre å setje i gang, for vêrdata måtte hentast inn, seier Hauge.

Distriktenes magasin. Programleder: Ivar Bright Myhre.

SISTE SESONG: Reportasjen frå Norge Rundt 17. februar 1978 syner siste sesongen det var heilårsbemanna vêrstasjon på Fannaråken.

Så bar det inn att i hytta for å via radio formidle temperatur og vind ned via telefonlinja som gjekk til Harastølen i Luster. Dette enda på telefonsentralen i Lærdal, og dei tok ansvar for å sende det vidare til Meteorologisk institutt.

Alle observasjonar vart sirleg noterte ned i ei dagbok, og denne skulle bringast ned til bygda ein gong i månaden. Då bar det i veg, helst på ein godvêrsdag. Men elles vart det lenge mellom kvart besøk i bygda.

Fannaråken

VAKKERT: – Fannaråken i kveldssol er heilt spesiell, seier Kjell Hauge.

Foto: Kjell Hauge

– Det er klart at eg sakna familien litt, men dei hadde telefon, så vi heldt kontakten slik. Og eg var glad eg hadde jobb. Til den gongen å vere, var det godt betalt. Og første året hugsar eg at eg drog ned att til jul. Då hadde eg vore der sidan oktober, seier Hauge.

Men ein må trivast i eige selskap når ein held til på over 2000 meter og berre har éin annan kar å prate med.

– Eg er ikkje redd for å vere åleine, for å seie det slik, ler Hauge.

Isslott

TJUKK IS: Slik kunne vêrstasjonen på Fannaråken sjå ut ein vinterdag.

Foto: Kjell Hauge

Og når hytta, som hadde to bitte små soverom, ei lita stove og kjøkken, samt eit lite observasjonskontor, vart for lita, var det berre å ta seg ein tur ut for å lufte hovudet.

I sommarsesongen var det følgjeleg litt meir folk rundt novene. Både fordi Turistforeininga dreiv turisthytta, samt at det kom sigande inn fjellvandrarar i den tida hytta var opa.

– Vi var nesten som ein liten familie om sommaren, seier Hauge.

Men du må hugse at vi hadde over 300 dagar med tåke. Då såg vi ingen verdas ting.

Ole Helling Svanøe

Matstellet var det heller ikkje så gale med, sjølv om det vart langt mellom ferskvarene. Midt på sommaren stod hermetikk på menyen, medan august til juni stort sett hadde så låge temperaturar at dei hadde eigen fryseboks rett utanfor døra, så då gjekk det i frysevarer.

– Vi fekk leveransar med helikopter to gonger i året, fortel Hauge.

Med temperaturar som kunne krype ned i minus 20 på vinteren, seier det seg sjølv at varmekjelda var viktig, og olje gjekk det rikeleg av.

– Det var ein heil jobb å halde varme i hytta, samt lade batteri. I heile kjellaren hadde vi ein diger batteribank, og dei lada vi jamt på. I tillegg hadde vi nokre gamle aggregat. Det var dette som gav oss straum, seier Hauge.

Men vêr og vind tærte på utstyret på fjelltoppen, og i 1978 var det klart at 52 år med bemanna vêrobservasjonar på Fannaråken var over.

– Klart det var litt vemodig. Det var ein epoke som var over, seier Hauge.

Slik er utsikta frå Fannaråken 2068 m.o.h.

UTSYN: Slik var utsikta frå Fannaråken 23. august 2015. Ein av få dagar utan tåke. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

Ole Helling Svanøe jobba i tre år på Fannaråken vêrstasjon, frå 1969 til 1972. Han hugsar tida med glede.

– Men i ein slik jobb er det ein føresetnad at du trivst i eige selskap, ler Svanøe.

Då han tok til i jobben var planen å bli der i eitt år. Men det vart til slutt tre.

– Eg treivst utruleg godt, og eg vart fascinert av staden. I juli månad var det litt av eit liv og mykje moro med drift på turisthytta og mange besøkjande. Det levde vi på lenge, seier Svanøe.

Utruleg nok har han ikkje vore oppe att på fjelltoppen, som kanskje har ei av dei vakraste utsiktene i heile Hurrungane, ikkje minst med panoramautsikt til Skagastølsmassivet.

– Men du må hugse at vi hadde over 300 dagar med tåke. Då såg vi ingen verdas ting, seier Svanøe.

Fannaråkhytta

YRANDE LIV: Fannaråkhytta, slik ho er i dag, har mykje besøk i sesongen. Her frå august 2015 då 201 gjester overnatta.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Han har framleis ein draum om å ta seg til toppen endå ein gong.

– Eg fekk ein skade i foten like etter, så dermed vart det ikkje nokon tur. No er eg eldre og tyngre. Men eg har framleis ein plan om å komme meg opp, seier Svanøe.

Den gamle vêrstasjonhytta er i dag del av Norges høgast liggjande bemanna DNT-turisthytte, som har drift mellom 1. juli og 11. september. I august 2012 oppretta Meteorologisk institutt ein automatisk vêrstasjon som mellom anna målar temperatur og lufttrykk.