Ny bunad

Bestemor Aslaug Kvellestad har sydd bunad til alle barn og barnebarn, i år var det konfirmant Benedicte. Kvellestad sin tur.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Høgsesong for korssting

BREIM (NRK): Over heile landet sit ein spesiell type sesongarbeidarar og arbeider trufast år etter år. Mai er siste etappe for bunadssyarane.

– Eg trur eg har treft! bryt Aslaug Kvellestad ut.

Barnebarnet hennar, Benedicte Kvellestad har akkurat trekt bunaden over hovudet, og rettar på stakken.

– Ja ... so må du stappe litt her ...

Erfarne hender glattar på skjorta og kostar over vesten, før auga vurderer. Om to veker skal jenta konfirmerast, og Aslaug er ferdig med nok ein nordfjordbunad. Ni barn, og endå fleire barnebarn. Ho er det vi kan kalle driven.

Minne frå besta

– Eg ser på det som eit stort minne eg får av besta, seier Benedicte. Ho vil ikkje ein gong tenke på kva ho skulle gått for presten i, om det ikkje var ein bunad.

– Det er veldig viktig for dei fleste jentene eg kjenner.

Korssting
Foto: Åsta Urdal / NRK

Bunaden er ei drakt som seier noko om kvar ho høyrer heime i verda og som knyt ho til ei lang rekke av tradisjonar. Ho har valt eit svart liv, med dei same broderia som mor hennar har, men på skjorta har ho leika seg litt og i tillegg til dei svarte korsstinga har ho også raude. At det er det er snakk om ein nordfjordbunad er sjølvsagt- jenta er då vaksen opp på Breim!

Aslaug Kvellestad

TRADISJON: Alle jentene i familien har fått bunad sydd av Aslaug Kvellestad.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Ein skal ha den bunaden som høyrer til staden du er frå, slår bestemor Aslaug fast.

Ho har sjølv sognebunad, sidan ho er fødd i Årdal, men kunne ifølge sine eigne reglar, like gjerne hatt Sunnfjord-bunad, sidan mora var frå Jølster, eller Nordfjordbunad- sidan ho har budd på Egge sidan ho gifta seg.

Like viktig som at bunaden er frå riktig plass, er det at arbeidet er gjort her. Her, som i Norge.

Benedicte Kvellestad

KONFIRMANT: Benedicte Kvellestad høyrer på bestemor si som fortel om korleis det skulle gjerast- før i tida.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Norsk kulturarv

– Eg har krangla mykje med butikkar som sender oppdraga med å sy draktene ut av landet. Det er ei skam. Det vert ikkje det same. Dette er norske handverkstradisjonar, og kunnskap, som vi må ta vare på her. Dei syr fint i Polen og Kina, det er ikkje det, men eg reknar med dei har eigne tradisjonar å ta hand om. Det kan ikkje, og det må ikkje bli fabrikk. Då kunne du like gjerne ha kjøpt deg ein anna kjole.

Aslaug har på eit vis rett; Gjennom Unesco sine konvensjonar er Norge forplikta til å verne om vår immaterielle kulturarv, noko som mellom anna betyr å ta vare på kunnskapen og ferdigheitene knytt til utryddingstrua handverk.

Benedicte er einig med bestemor si, også ho synest det er viktig å halde på dei lokale tradisjonane. Faktisk kunne ho tenkje seg å lære dei sjølv- om bestemor ville hjelpe henne?

– Ja, men det klarar du so fint, Benedicte. Vi må berre gjere det mens eg enno ser.

Smarter granny

SMARTER GRANNY: Aslaug Kvellestad må ha noko å henge fingrane i, og nyt å gjere ting ferdig.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Time etter time med nål, tråd og nitid arbeid. Skjorta til nordfjordbunaden er ikkje så aller verst, men sunnfjordskjorta med sin uttrekkssaum, og sogneskjorta med vest- og austmannarenning er stadig vanskelegare.

– Då må eg til å telje trådar, og klippe vekk dei i mellom. Då skal ein helst ikkje gjere så mykje feil, flirer Aslaug.

Kor mange timar som går med til ein bunad veit ho ikkje, og sjølve skjorta er minst like krevjande.

– To, tre veker på kvar av dei, om eg sit heile tida, seier ho.

Om ho reknar på timebetalinga ho då sit att med er det ikkje mykje å skryte av; rundt 5 kroner timen. So er det heller ikkje pengane ho gjer det for.

Kulturarv

KULTURARV: I erfarne hender ligg usynleg kunnskap, arva ned i generasjon etter generasjon.

Foto: Åsta URdal / NRK

– Utfordrande

– Det er ei stadig veksande utfordring å rekruttere heimeprodusentar, seier Irene Tørhaug, dagleg leiar på Husfliden i Bergen.

Husfliden er ein av få bunadsbutikkar som framleis insisterer på å bruke norsk arbeidskraft i sin produksjon, og dei er avhengige av heimeprodusentar rundt om i distriktet for å komme i mål. Heimeverande, pensjonistar og folk som har det som hobby ved sidan av anna jobb vever og broderer, og leverer til Husfliden, som er eit AS eigd av dei lokale husflidslaga i fylka.

Irene Tørhaug

HÅP: Dagleg leiar for Husfliden i Bergen, Irene Tørhaug, meiner den yngre garde også interesserer seg for bunadsaum.

Foto: Privat / NRK

Dei siste åra har debattane kring bunadsaum rast, då stadig fleire bedrifter produserer varene, eller deler av varene sine, utanfor Norge for å vere konkurransedyktige.

Husfliden dekker berre ein liten del av den store bunadsmarknaden, og ifølge Tørhaug dekker kvinner som Aslaug Kvellestad ein endå mindre, og krympande del av marknaden.

– Det vert stadig færre av dei flinke, eldre bygdekvinnene som syr. Heldigvis er det interesse hos dei unge også; vi har heimeprodusentar i ulike aldrar, og seinast i haust tilsette vi ein nyutdanna bunadstilverkar på 25 år, her i butikken. Ho er veldig engasjert i faget sitt, seier Tørhaug.

Broderte mansjettar
Foto: Åsta Urdal / NRK

Pensjonert og fulltidsskreddar

Attende i Breimsbygda, nede på Reed, finn vi nok ei slik kunnskapsrik kvinne. Sigrun Seime produserer for seg sjølv i ei lita, lun sperrestove. Over alt rundt henne heng det bunader og skjorter; i gangen, bak soveromsdøra, i stova – sjølv i dusjkabinettet heng der bunadsskjorter.

Sigrun Seime syr

FULLT HUS: Heile sperrestova til Sigrun Seime fløymer over av bunader.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Då eg skulle ta sertifikatet i godt vaksen alder lurte mannen min på kva eg skulle med det, eg sat no støtt og sydde like vel, humrar Sigrun.

Krage på bunadsskjorte frå Nordfjord

KVIT LIN: Skjorta til nordfjordbunaden skal vere rik, seier Sigrun Seime.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Ho har ikkje tal på kor mange bunader ho har sydd til opp i gjennom åra, men so langt i år har ho sydd 15 bunadsskjorter saman med svigerinna si, som står for broderinga, og like mange bunader. I løpet av eit heilt år er det ikkje uvanleg at talet på kvart slag stig til 30.

Til samanlikning syr Husfliden i Bergen, som dekker fylka Hordaland og Sogn og Fjordane, kring 150 kvinnebunader kvart år.

– Eg er pensjonist og syinga gjev meg veldig mykje. Eg vaknar kvar morgon og gler meg til å ta fat på arbeidet- det er derfor eg gjer det.

Ho understrekar at ein verkeleg må like arbeidet, at det må vere ein hobby. Om ho skulle ta betalt i timepris trur ho ikkje nokon hadde hatt råd til bunadane.

Falleri, fallera

FALLERI-FALLERA: Ein svart stakk ligg og ventar på ein runde damp.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Glede i kvart sting

– Eg har alltid likt å sy. Den første bunaden sydde eg då eg gjekk på Heimyrkjeskulen i -63. Så sydde eg for svigermora, og sida har det berre balla på seg. No syr eg ikkje anna enn bunader og skjorter. Eg treng ikkje reklamere for dei ein gong, storfornøgde kundar kjem att med andre kjende som også gjerne vil ha ein slik bunad.

Nokre gonger kan det nesten bli i meste laget;

– "Åh, besta, vert du ferdig med bunaden til konfirmasjonen?!" sa eit av barnebarna mine. Ho tykte eg sydde til alle andre enn henne, ler Sigrun

– Men du vart ferdig?

– Åh, ja- eg vert alltid ferdig!

Bunad bak døra

BAK DØRA: Ein liten lapp med namn på konfirmant og dato for ferdigstilling.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Å sjå dei forventingsfulle og nøgde kundane og barnebarna gjev Sigrun mykje glede, og på ein dag som 17. mai kan ho sjå heile opptog av rakrygga nordfjordingar trekt i sine finaste klede- som ho har sydd.

– Då vert eg litt stolt, eg vert det ... Men etter å ha sydd så mange bunader så kan ein heller ikkje unngå å sjå alt rusket i detaljane. «Den stakken var litt sid, den vesten skulle vore passa litt betre». Det gjeld andre sitt arbeid so vel som mitt eige, og er vel ein sideverknad av å halde på slikt.

Eit lag

Då Sigrun lærte bunadssaumen var reglane for kva som var «riktig» strengare enn i dag. Alt skulle syast med hand. Desse krava ser ho vekk ifrå i dag.

– Eg brukar maskin når eg monterer skjortene, såpass må vi kunne fornye oss. Folk er stort sett veldig nøgde med det, og om nokon insisterer på at alt skal vere handsydd så kan dei i grunnen finne nokon annan til å gjere den jobben, seier Sigrun og ler.

Sigrun Seime leitar i skuffene

FULLT: Sigrun Seime leitar seg gjennom skuffer meg mansjettar og kragar. Nokre har svigersystra hennar brodert, medan andre vil brodere skjortene dei bestiller sjølve.

Foto: Åsta Urdal / NRK

I det heile ler ho mykje. Stoltheita og trivselen i arbeidet er tydeleg når ho stryk over stakken som ligg i faldar på stovebordet, og når ho leitar seg gjennom skuffer med broderte mansjettar og kragar. Har ho nokon ho kan lære dette vidare til?

– Vi har halde fleire kurs for husflidslaget, og ein par gongar i veka kjem svigerdottera mi innom for å lære. Dessutan er vi fleire om arbeidet; ei forhandlar stoff og maljer, ei vev forkleda, og syster mi vever band. Det kjem stadig nye som skal ha bunad, så interessa er der.

Sydd for å vare

Vi kjem oss ut i gangen, det er på tide å takke for besøket. Her heng det atter fire bunader, med små lappar med namn på eigar og dato for ferdigstilling. Lykkjeskrift og knappenål. Når Sigrun var lita hadde bar dei eldre kvinnene bunader til kykjebesøk og fest, drakter som no er arven etter bestemødrer og oldemødrer. Kvinner i ei anna tid, med klede sydd for å vare.

– Her er ein gammal bunad som skal passast til ein ny konfirmant. Å få stelle, og ordne på slike arvestykke er noko for seg sjølv. Då tel eg ikkje på kroner og øre.

Sigrun Seime har huset fullt av bunader
Foto: Åsta Urdal / NRK