Kystsau

KYSTSAU: På Værlandet går sauene ute heile året.

Foto: Sørværet Villsau

Den gamle sauen og havet

VÆRLANDET (NRK): Så langt vest som det bur menneske her i landet har folk drive med sauehald på same måten i fem tusen år

– Det er ikkje pengar i å drive på denne måten, men det er eit veldig fint liv, seier Hilde Buer.

Saman med mannen Anders Braanaas lever ho av å vere sauebonde på Værlandet i Askvoll kommune. Øysamfunnet i Sunnfjord er det vestlegaste det bur menneske i her i landet.

Her er det nesten ikkje skog eller tre, men opne og grøne øyar som strekker seg langt uti havet.

Det skal godt gjerast å finne ein meir isolert stad. Kommunesenteret ligg over ein time med båt unna. Næraste større tettstad, Førde, er endå ein time til derifrå.

Storbønder langt uti havet

Her finn du likevel eit av vestlandets største sauebruk. Og dimensjonane er store. På det meste har dei 450 sau av typen gamalnorsk, 200 av dei skal snart byrje å lamme. Beitearealet er over tre tusen mål med frodig kystlynghei.

Og det er ikkje berre storleiken som gjer sauebøndene på Værlandet litt annleis. Sauene går ute heile året, og har ikkje bruk for fjøs. Gjerde og steingardar er ikkje naudsynt der storhavet er utmarksgrensa, og sauene et heller tang og tare enn gras. Eksotisk tenkjer du kanskje, men det er faktisk dette som har vore normalen langs kysten vår.

påtoppen

SAUERIKET: Sauene til Hilde Buer og Anders Braanaas har over tre tusen mål å boltre seg på.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Både den sauerasen vi har og det at dei går ute heile året, er det som har vore vanleg langs norskekysten. Desse sauene er godt kledde for kystvêret. Om eg tykkjer det er surt og kaldt ein vinterdag, er det alltid godt og varmt når eg legg handa inn og kjenner i ulla deira, seier Hilde.

Hilde

GLAD I DYRA: Hilde buer bryr seg om alle sauene sine, ho seier det er som å ha fire hundre hundar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kan namnet på fleire hundre sau

Kontakten mellom bonden og dyra er slåande. Sauene kjem springande i hopetal når dei høyrer stemma hennar, og ho fortel at når vindretninga er riktig, kan dei høyre ho ifrå fleire kilometers avstand.

– Hei, Rebekka, hei Siri, halloien Rannveig, kjem det ifrå Hilde når flokken nærmar seg.

Det er forbløffande, men sauebonden er tilsynelatande på fornamn med fleire hundre sau.

– Dei er jo heilt ulike ifrå kvarandre på utsjånaden, det er ikkje noko problem å skilje dei. Det gjeld personlegdomen og. Nokre er meir nervøse enn andre, nokre er veldig utadvende og det er ei som er veldig humørsjuk.

Hilde2
Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Om det skulle bli utfordrande å berre bruke personlege trekk og lynne til å skilje sauene, ser dei faktisk ganske ulike ut. Fargen på ulla varierer ifrå heilt snøkvit til kolsvart, mange har ulik farge ulike stadar på kroppen.

– Om ein går nokre tusen år tilbake i tid var nok den norske sauen meir eineforma utsjånadsmessig enn det desse sauene er. Vikingane reiste som kjent mykje rundt, og om dei såg ein fin sau dei likte i Konstantinopel eller andre stadar, så tok dei han med seg heim. Mykje av fargevariasjonen i den norske sauerasen kjem difor ifrå Tyrkia og middelhavsområdet.

Bruasau

BRUSAU: Bruene er ein viktig del av infrastrukturen på Værlandet, også for sauene

Foto: Sørværet Villsau

Steinaldersauen

Den norske sauerasen det er snakk om er altså ikkje den vanlege kvite dalasauen, men det som vert kalla Gamalnorsk sau, steinaldersau eller ursau. Denne sauen stammar ifrå den som første gong var tamt av jeger-samlarar her til lands for mange tusen år sidan.

Fram til den industrielle revolusjonen var det den mest vanlege sauerasen over heile landet.

– Den gamalnorske sauen er totalt overlegen den moderne sauen på mange område. Den har nesten aldri problem med sjukdom, aldri spenebetennelse eller liknande, og den klarar seg heilt åleine i lemminga.

Den moderne sauen er mykje sjuk og treng mykje tilsyn. Han kan setje seg fast i fjellet, eller dette ned og slå seg. Hilde fortel at den gamle sauen kan springe nedover fjellsider som er så bratte at det nesten ikkje er til å tru.

Hilde3

BÅT ER EINASTE FRAMKOMSTMIDDEL: Sauene til Hilde og Anders er spreidd over mange øyar, så då er båt heilt naudsynt

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ho er opprinneleg ei bydame ifrå Bergen. Ein skulle kanskje ikkje tru at ho var nokon autoritet på sau og sauehald, men det er ho faktisk. Ho er utdanna agronom, har drive med sau store delar av livet og har skrive ei bok om villsau i Noreg.

Anders2

TUNGT ARBEID: når ein brenner lyng står ein midt i røyken, og det kan vere krevjande

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Set store vidder i full fyr

Det er liten tvil om at det er ho som er sauesjefen på garden. Ektemannen Anders har derimot styringa på eit anna viktig område, nemleg brenning av lyng.

Røyken legg seg tett over dei små, flate øyane når Anders brenner lyng, og ein kan kjenne den sterke lukta på lang avstand.

røyk

RØYK: Når Anders brenner lyng kan du kjenne lukta på lang avstand

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi brenner for å auke næringsinnhaldet i lyngen. Når ein brenner ned toppane, kjem det opp nye spirer som er fulle av næring, seier Braanaas.

Akkurat denne dagen er det kraftig nordavind rett i havet, og det er det som gjer at han vel å setje store område i brann.

– Det er klart det kan vere farleg. Det er store flammar det er snakk om, og om ein mister kontrollen kan det spreie seg fort. Når vinden er så sterk rett i havet som i dag, har eg nok likevel god kontroll.

Å brenne lyng slik Anders og Hilde gjer var i tusenvis av år den vanlege måten å drive på. Landskapet ein får ved slik brenning vert kalla kystlynghei, og ifrå Lofoten i nord til Portugal i sør dominerte dette kulturlandskapet tidlegare. No finst kystlyngheia bere nokre få plassar.

lyngbrenning

LYNGBRENNING: Er naudsynt for å auke næringsinnhaldet i lynga

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

På Værlandet har det vorte brent lyng i fleire tusen år, men i ein periode på over 50 år var skikken heilt vekke ifrå øysamfunnet.

– Dei eldste folka her hugsar at det vart brent lyng då dei var små, men etter kvart slutta alle med det. Landbruket la om, og vart modernisert, og då forsvann skikken.

Buer forklarar at lyngen forvitra og vart dårleg i perioden då han ikkje vart brent.

– Vi hadde ein jobb å gjere då vi byrja med brenning att her i øyane. Eit område med lyng lyt brennast om lag kvart femtande år, så i gamle dagar brann dei berre eit lite område kvart år. Då vi kom var lyngen attgrodd og full av einer, så vi lyt brenne veldig mykje kvart år.

sjåher

KLOKE DYR: Hilde seier at sauen ofte vert feiltolka som eit mindre intelligent dyr, men at han faktisk er veldig gløgg

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

For sauene er det i alle fall fint at Anders og Hilde legg ned arbeidet, og dei veit å setje pris på den næringsrike lynga.

– Dei likar seg veldig godt i lynga, og særleg der det er nybrent. Når vi har brent eit område kjem sauene og rullar seg rundt i oska. Dei vert heilt svarte og sotete i pelsen og på hovudet.

Hoppa av for lenge sidan

Eit liv med utegangarsau gjev mykje fridom, og ein må kanskje ha opplevd det motsette for å verkeleg kunne setje pris på den.

– Eg hadde jobb som byråkrat på eit kontor, men vi hoppa av heile det køyret der for lenge sidan. Det er vel 17 år sidan no. Eg har aldri angra på det.

Både Hilde og Anders kjem ifrå byen, og ingen av dei hadde noko tilknyting til Værlandet før dei flytta hit for nokre år sidan.

– Naturen her ute er jo heilt eventyrleg. Og det er den perfekte staden å drive med utegangarsau slik som vi gjer. Her er det aldri skikkeleg vinter, så vi treng ikkje å fôre sauene.

garden

GARDEN: Her bur Hilde og Anders i nokre gamle brakker som tidlegare vart brukt av arbeidarar i ved oppdrettsanlegget

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

I ei lita vik ut mot havet bur dei to i ei gamal brakke som tidlegare vart brukt som kontor og lagerlokale for arbeidarar i fiskeoppdrettet. Det er eit godt stykke til næraste nabo, men Hilde fortel at banda mellom menneska er tette i det vesle øysamfunnet.

– Det er noko særeige med slike øysamfunn, samhaldet mellom folk er veldig sterkt. Det er mykje vanlegare at folk stikker innom kvarandre utan forvarsel her, enn det er andre stadar.

inneihuset

FINT: Dei har fått det ganske fint i dei gamle brakkene, lite tyder på at dette kjøkkenet tidlegare vart brukt som kontor

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Dagane går med på å sjå etter sauene, brenne lyng og setje opp litt gjerde. Det er mykje som skal gjerast med ein så stor saueflokk, men dei er trass alt to om det, og Hilde understrekar at det verkeleg er eit liv med mykje fridom.

– Sauene klarar seg mykje sjølv, altså. Dei går no der ute, og finn mat sjølv. Til og med i lemminga er dei stort sett åleine, så vi har absolutt ein kvardag som vi styrer mykje sjølv.

Eit liv som sauebonde på ei øy langt ute i havet. Det er ikkje mykje som skulle tilseie at Anders og Hilde ifrå byen skulle ende opp slik, men dei er begge glade for at det gjorde det.

– Det er fantastisk å kunne eige tida si sjølv. Det er rett og slett eit veldig fint liv, seier Hilde.