Å bli ein del av samfunnet
KYRKJEBØ (NRK): Luqman Kilakawi er ein av våre nye landsmenn. Han drøymer om å få jobb og leve eit godt liv som nordmenn flest.
Luqman frå Syria har nyleg fått sin første deltidsjobb på Vadheim asylmottak for mindreårige, og er eit steg nærare draumen.
– Kva er det? spør Luqman.
– Båt! ropar Sipan.
– Nei, det er ikkje båt! protesterer Dilyar.
– Ok, det er eit skip, oppklarer Luqman.
Rett skal vere rett når familien Kilkawi har si daglege språktrening i sin nye heim på Kyrkjebø i Høyanger. For ein månad sidan fekk Luqman Kilkawi familien til
landet, etter å sjølv ha vore her i eitt år og fire månadar.
Han snakkar allereie godt norsk, og han ynskjer at barna og kona Hevin skal lære like fort som han.
Dilyar har alt begynt på skule, medan Sipan må vente til hausten.
– Vi har mange aktivitetar heime for at barna skal lære språket, slik at dei kan forstå folk og få kontakt med andre barn, fortel Luqman.
- Les også:
Frå mottak til arbeid
Vi høyer ofte om flyktningar som har problem med å skaffe seg jobb og å integrere seg i det norske samfunnet. Luqman Kilakawi er eit døme på ein av dei som er i ferd med å lykkast.
Luqman veit at det å lære norsk språk er viktig både for å bli integrert og for å få arbeid. Han går på språkkurs tre dagar i veka, og to dagar i veka er han i språkpraksis på Kyrkjebø skule.
– Ein må jobbe mykje for å lære språk, og ein må ha kontakt med
norske folk, seier Luqman.
Å lære norsk har lønt seg for Luqman. Kort tid etter at han sjølv budde i mottak har han fått sin fyrste jobb på Vadheim asylmottak for mindreårige. Der jobbar han annakvar helg.
På mottaket er Luqman med på å legge til rette for ulike aktivitetar. Dei spelar fotball, går på fjellturar og fiskar i fjorden. Luqman hjelper også til med lekser og språkopplæring.
- Les også:
Mønsterflyktning
I 2015 kom over 30.000 flyktningar til Norge. Tal fra Statistisk Sentralbyrå syner at syrarane som nyleg har kome til Noreg har sysselsetting som dei bosniske flyktningane hadde i si tid. 22 prosent av dei var arbeidstakarar etter å ha vore i Noreg i fire år.
Luqman Kilakawi framstår som eit prakteksemplar av ein innvandrar. Ved sidan av å ha lært språk på kort tid, sosialiserer han seg med nordmenn og er oppteken av norsk kultur. Hans største draum for sitt nye liv i Noreg er å bli ein del av samfunnet.
Nyleg fremja Sylvi Listhaug 69 forslag til korleis Noreg skal lykkast i å integrere flyktningar og asylsøkjarar. Listhaug sin bodskap var: «Innvandrere som skal bo og leve i Norge skal komme i jobb, bli skattebetalarar, lære norsk og bli deltakende samfunnsborgere».
For Listhaug handlar integrering om tre viktige faktorar: Å starte arbeidet tidlegare, å sjå enkeltmennesket, men også å stille krav. Luqman må vere ein mønsterflyktning etter Sylvi Listhaug sine krav.
Ynskjer å bli lærar
Frå Syria har Luqman ei universitetsutdanning som assistentingeniør. Før krigen kom til Aleppo, jobba han i ei bedrift som driv med betong.
I ei tid der arbeidsløysa aukar kan det bli utfordrande for Luqman og våre nye
landsmenn å få jobb. Lediggangen innan ingeniøryrket har auka kraftig siste året. Det kan verte utfordrande for Luqman å finne jobb der han kan bruke utdanninga si.
Difor ynskjer han å ta ny utdanning i Noreg. Han drøymer om å bli lærar. Som lærar kan han bruke sine språkkunnskapar, og han kan fungere som tolk for barn med liknande bakgrunn som seg sjølv.
På Kyrkjebø skule får han ikkje berre språkpraksis, men også mogelegheit til å prøve seg som tolk, og han får observere korleis læraryrket kan vere.
Luqman håpar at dei nye som har kome til landet kan bli ein del av samfunnet.
– For å bli ein del av samfunnet må vi få jobb, seier Luqman.
På spørsmålet om han ynskjer å få meir jobb på mottaket, så svarar han at han først må lære meir språk og ta ei utdanning.
Trivast i Høyanger
Luqman har blitt kjent med mange folk i Høyanger og trivast godt i kommunen. Saman med familien er han med på det som skjer, og dei spelar både fotball
og volleyball med nordmenn.
Eldste sonen, Dilyar har starta med fotballtrening ein gong i veka.
– Høyanger var første plass eg vart kjent med norske folk, og eg har fått mange vener her, fortel Luqman.
Luqman budde i Vadheim før han for ein månad sidan fekk familien sin til landet. Luqman flykta åleine over Middelhavet, medan familien var igjen på grensa mellom Syria og Tyrkia.
Likar naturen
Det var nervepirrande for Luqman å vere i Noreg og vite at familien var så nær krigen. Då familien kom til landet var gjensynsgleda stor.
– Det var utruleg å sjå familien min igjen etter så lang tid, og eg er veldig glad for å ha fått dei til landet, seier Luqman.
Familien fekk flytte inn i eit hus på Kyrkjebø. Der har dei hage og fjordutsikt. Nokon gongar fiskar dei nede ved fjorden, og dei har opplevd både å få fisk og å sjå spekkhoggar.
Luqman har også vore på mange fjellturar og har gått på ski. Når han er på jobb på Vadheim asylmottak tek han av og til med seg bebuarane på fjelltur.
– Eg likar naturen her i Høyanger, fortel Luqman. Det er her eg har lyst til å bli, seier han.