Lasse Sælthun og Torkjell Grimelid

AUKA OPTIMISME: Lasse Sælthun (t.v.) og Torkjell Grimelid gler seg for kvar sjekk som viser at Lærdalselvi er fri for gyro.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Er elva gyrofri i 2017 sprettar vi den gode flaska

I år er det 20 år sidan det vart oppdaga at laksen i Lærdalselvi var smitta av lakseparasitten gyrodactylus salaris. All laksen i favorittelva til Kong Harald, dronninga av lakseelvar, vart drepen med gifta rotenon.

Men no stig håpet for kvar prøve som blir teken utan at gyroen, som parasitten blir kalla i kortform, blir påvist.

Lasse Sælthun og Torkjell Grimelid står ved elva, like over Sjurhaugfossen i Borgund. Dette var ein av stadene der det vart tømt ut store mengder av gifta rotenon den 9. april 1997. Det drap all fisken i elva, til saman ti tonn.

No, snart 20 år etter at marerittet starta, er dei varsame optimistar på vegner av lærdalslaksen.

– No er eg optimist, etter så mange år har eg aldri vore så optimistisk som no, seier Sælthun, som er leiar i Lærdal elveeigarlag.

– Det ser unekteleg lyst ut. For kvar sjekk der vi ikkje finn gyro så blir vi litt meir optimistiske for kvar gong, men Lasse og eg har bestemt oss for å vente med å opne den gode flaska til 2017, supplerer Grimelid, dagleg leiar i Ljøsne klekkeri.

– Dramatisk syn

Men la oss skru tida nesten 20 år tilbake. Det er to datoar som står spikra i minnet til Lasse Sælthun:

– Den 24. oktober 1996 gjekk Gro Harlem Brundtland av som statsminister. Same dagen fekk eg vite at lakseparasitten gyrodactylus salaris var oppdaga på laks i Lærdalselvi. Eg var rådmann i Lærdal kommune då, og eg fekk vite det av ordførar Hans A. Tønjum. Det var ein forferdeleg beskjed å få.

Og den 9. april 1997 vart det tømt store mengder av gifta rotenon to stader i Lærdalselvi. Målet var å ta knekken på parasitten ved å drepe all fisken i elva.

– Det var dramatisk å sjå så mykje daud fisk flyte nedover. Det er eit syn som vi som er opptekne av laksen i Lærdal aldri kjem til å gløyme, seier Torkjell Grimelid.

I ettertid sit Sælthun og Grimelid med svært blanda kjensler rundt det som skjedde. Avgjerda frå Direktoratet for naturforvaltning om å drepe all fisken med gift kom fort, og dei kjende det som om det vart tredd nedover hovuda på dei.

– Det blir sjølvsagt etterpåklokskap. Det var einaste metoden ein visste om då. Men dersom elva blir gyrofri så er det definitivt ikkje rotenon å takke. Det var behandling med aluminium som hjelpte, seier Sælthun.

– For dårleg planlegging

Grimelid meiner hastverk gjorde at det heile var mislukka. Det vart tømt rotenon i elva også i august 1997.

– Det var rett og slett for dårleg planlegging. Lærdalselvi er eit komplisert vassdrag med mykje grunnvatn. Dei var for raskt ute med rotenonbehandlinga. Dei kunne ha venta eitt år, gjort eit skikkeleg førearbeid, så hadde det kanskje gått.

  • Sjå tv-innslag frå behandlinga 5. august 1997:
    Etter at det vart oppdaga lakseparasitt på laks i Lærdal i 1996 vart elva i 1997 behandla med rotenon.

– Eit skammas kapittel

Og det mangla ikkje på åtvaringar. Leiar Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund kom til Lærdal og prøvde å stanse rotenonbehandlinga, både ved å argumentere høgt og tydeleg på folkemøte og i media, og ved å kaste seg sjølv i elva.

No, snart 20 år seinare, hugsar Oddekalv best kor vanskeleg det var å diskutere med dei som hadde bestemt at Lærdalselvi skulle behandlast med rotenon.

Kurt Oddekalv

– BORTKASTA PENGAR: Leiar Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

– Eg hugsar kor infame desse rotenonbehandlarane var. Dei skulle behandle uansett. Men Lærdal vart ei sak som vi tapte, men vann. Det heile er eit skammas kapittel. Her hadde vi eit lokalsamfunn som levde av laksen, og så går dei inn og drep alt, for liksom å redde laksen.

Oddekalv meiner at det ikkje er gyrodactylus salaris, men oppdrettslaksen, som er det største trugsmålet mot villaksen. Han kjempar framleis mot behandlingane som går føre seg i fleire vassdrag i landet.

– Dei har bytt ut det som var 80 prosent white spirit i Lærdal med 65 prosent frostvæske. Det er giftig, og vi får resultata om nokre år. Giftbehandling i naturen er totalt uforsvarleg. Eg slåst framleis mot det og brukar mykje pengar på det.

Kurt Oddekalv meiner ein berre burde ha late naturen gå sin gang, og at pengane som er brukt på kampen mot gyro er fullstendig bortkasta.

– Ein viss prosent av hann- og holaksar har resistens mot gyro. I staden har vi fått massedrap av all fisk i fleire vassdrag. Eg får vondt i magen når eg køyrer forbi Vefsn, der det ikkje er ein aure, ein sik eller røye. Dei skal preferere laksen, som dei drep for å berge han, det er heilt baklengs inn i fuglekassen.

  • Styresmaktene brukte ein hasteparagraf for å få gjennomført rotenonbehandlinga i 1997. Alt same året tok dei sjølvkritikk på det. Sjå innslag i Dagsrevyen:
    Motstand mot rotenonbehandling gjorde at styresmaktene i 1997 slutta å bruke hasteparagraf.

– Lærdølane burde ha gått til rettssak

Oddekalv trur at elveeigarane og folk flest i Lærdal no i ettertid har gitt han rett i motstanden mot rotenon.

– Mitt inntrykk er faktisk det, ja. Og eg meiner at dersom Lærdalssamfunnet hadde samla seg kunne dei ha gått til rettssak mot Staten for å få dekt dei 20 millionane dei tapte årleg på at laksen var borte. For det forskarane sa den gongen var ikkje rett.

– Eit grufullt syn

Lasse Sælthun

– INNTRYKKA SIT SPIKRA: Leiar Lasse Sælthun i Lærdal elveeigarlag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Tilbake til 1997. Etter den første behandlinga vart det plukka opp over 10 tonn med daud fisk. Størst inntrykk gjorde det på Lasse Sælthun at dei fann så mykje sjøaure.

– Det var eit grufullt syn, og spesielt sjøauren, som ikkje var sjuk. Det rauk med 7,5 tonn av den. Det er rett å seie at vi ikkje har fått opp att sjøaurebestanden etterpå.

I november 1999 vart det slege fast at det framleis var gyrosmitte i Lærdalselvi. Men då gav elveeigarane og bygdefolk klar beskjed: Ikkje fleire rotenonbehandlingar.

Nye vonbrot

Dermed måtte forskarane prøve å finne andre metodar, og tidleg på 2000-talet vart behandling med aluminiumsulfat lansert. Hausten 2005 og våren 2006 vart dette stoffet tømt ut i Lærdalselvi.

Men det kom nye vonbrot. Hausten 2007 viste det seg at gyroen framleis var i elva. Dermed vart det nye behandlingar i 2011 og 2012. Denne gongen var førearbeidet mykje betre enn ved dei tidlegare behandlingane, seier Lasse Sælthun.

Ljøsne klekkeri

HER ER 'BANKEN': Inne i Ljøsne klekkeri blir grunnlaget for ny lærdalstamme lagt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

6000 smolt skal ut i elva i april

Og no har det snart gått fire år utan at det er påvist gyrosmitte i elva. Parallelt med arbeidet med å bli kvitt smitten har det vore jobba med å byggje opp att ein bestand av lærdalslaksen.

Lærdal elveeigarlag, Østfold Energi og Lærdal kommune har finansiert arbeidet. I 2007 vart det sett ut yngel og smolt i elva, men då det vart oppdaga gyro, vart dette stansa. Først i 2013 kunne dei gå i gang att.

I Ljøsne klekkeri har Torkjell Grimelid rundt 6000 smolt som skal settast ut i elva i april. I andre kar har han 90.000 ferdigklekt yngel.

– I tillegg er vi med på eit prosjekt som heiter forsterkingsprosjektet, i regi av Miljødirektoratet og Veterinærinstituttet i Trondheim, så i tillegg til det vi produserer her blir det planta ut cirka 500.000 egg i elva. Alt er lokalfinansiert, det dreier seg om rundt ein million kroner i året.

Smolt på Ljøsne klekkeri

SKAL BERGE FRAMTIDA: Denne smolten skal saman med 6000 andre ut i Lærdalselvi i april i år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Over 80 millionar er brukt

Og det handlar om store pengesummar når ein skal rekne saman kor mykje gyrokatastrofen har kosta samfunnet. Lasse Sælthun meiner det dreier seg om over 80 millionar kroner. Då er ikkje omfattande dugnadsinnsats frå elveeigarar og bygdefolk rekna med.

Og det inntektstapet Lærdal har hatt i desse snart 20 åra må og nemnast. På 1990-talet la laksefiskarane att mellom 10 og 12 millionar kroner årleg i Lærdal.

Catch and release

Men no er fisket i gang att, og det har vore tilnærma berekraftig oppgang av laks i Lærdalselvi dei siste åra. Og fiskarane står i kø for å få slenge flugene sine uti, trass i at dei ikkje får behalde fisken, fortel Sælthun.

– Ja, det er veldig stor etterspørsel, og vi har ikkje plass til alle. Inntil vidare er det restriksjonar på fisket, laksen må sleppast uti att, så sant den ikkje er skadd.

Fiskarane får akkurat tid til å ta eit foto av fangsten, før fisken får sleppe ut att i sitt rette element.

I 2015 vart det landa 1136 laks i Lærdalselvi. Vel 76 prosent av laksen vart sett uti att.

Og no er elveeigarane nøye med at dei som kjem til Lærdal for å fiske ikkje dreg med seg ny smitte.

– Alle grunneigarane er pålagde å ha utstyr for desinfisering heime og passe på at fiskarane desinfiserer utstyret sitt både når dei kjem og når dei reiser. Så eg trur vi har ganske god kontroll på det, seier Lasse Sælthun.

– Ikkje så moro å fiske lenger

Men gyrodactylus salaris er langt frå det einaste trugsmålet mot lærdalslaksen. Fisken som tek turen ut Sognefjorden og til havs skal helst kome tilbake, og denne returen er langt frå problemfri, seier Torkjell Grimelid.

Torkjell Grimelid

HAR MISTA FISKEINTERESSA: Torkjell Grimelid, dagleg leiar i Ljøsne klekkeri.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Lusesituasjonen i fjorden og ute på kysten er eit hinder. Laksen skal gjennom fjorden, og det er det som er bøygen. Ein gentest vi hadde for to år sidan viste at cirka 20 prosent av stamlaksen vår var blanda inn med oppdrettslaks. Så vi er ein del av den store verda.

Både Sælthun og Grimelid har landa storlaksar i Lærdalselvi. Sælthun sin største vog 21,5 kilo, Grimelid sin 21,6. Sælthun er framleis lidenskapeleg laksefiskar, men for Grimelid har dei snart 20 åra med kamp mot gyro gjort noko med lidenskapen.

– For min del har nok fiskeinteressa vore laber dei siste åra. Det er ikkje så moro som det var før gyroen. Då kunne du gle deg over å ta ein laks på land og bruke han som mat. No handlar det berre om å ta han opp og sette han uti att. I tillegg er fisking ein del av jobben min, vi skal jo fange inn stamfisk og liknande, og det er ikkje det same som å ha det som hobby.

Men både han og Sælthun deler kjærleiken til elva og fisken, og no kryssar dei fingrane for at lakseparasitten ikkje dukkar opp på ny, og at elva igjen kan leve opp til statusen som dronninga av lakseelvar.

Lærdalselvi ved Voll

GYROFRI: Lærdalselvi i 2016, førebels med status som smittefri.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK