Hopp til innhold

Westcon planlegg industripark i Florø

Westcon Yards i Florø planlegg ein maritim industripark. Ved å satse på ein industripark i utfordrande tider, ønsker Westcon å skape eit innovativt miljø som kan komme fram til dei kostnadseffektive løysingane som marknaden treng.

Westcon planlegg industripark i Florø

INDUSTRIPARK: Samlar maritime verksemder i ein felles park.

Foto: Sivilarkitekt Kjell Hareide

– No er det rimeleg harde tider både for vår næring og andre næringar. Då er det viktig at vi kan samlast og ha ein del felles funksjonar slik at vi kan vere konkurransedyktige, seier plassjef Mikael Johansen ved Westcon Yards i Florø.

Westcon, Fram Flora, Maritim Foreining Sogn og Fjordane og Deloitte har gått saman for å utarbeide planar og tiltak som skal sikre ein framtidsretta maritim industripark ved verftet i Florø. Statoil er med å finansiere prosjektet gjennom PetroFlora-avtalen.

Tre er allereie på plass

Industriparken er ei prioritert satsing frå Westcon si side og har så langt resultert i tre nyetableringar på verftsområdet. Stryvo, DNV GL og Polarny Maritime er no etablert på verftet og Westcon er klar til å ta neste steg.

Plassjef Mikael Johansen ved Westcon Yards i Florø

REDUSERTE KOSTNADER: Plassjef Mikael Johansen ved Westcon Yards i Florø.

Foto: Pressefoto

– Vi er i veldig tidleg fase, men tre verksemder er allereie etablert i eksisterande anlegg. Det vi no prøver det er neste steg der vi ynskjer eit nytt område, og få inn endå fleire bedrifter, seier Johansen.

– Kva ser du for deg at industriparken skal innehalde?

– Våre kjerneområde er skip, subsea og rigg, og vi ynskjer aktørar som jobbar innanfor desse områda. I tillegg ynskjer vi og verksemder som jobbar innanfor havbruk og liknande i og med at vi blant anna har god tilgang til kai.

Det er vanskelege tider i oljebransjen, og mange selskap har kutta kraftig i bemanninga. Men det gjeld ikkje alle: Westcon i Florø har tilsett fleire - og investert over 100 millionar kroner.

Reduserte kostnader

– Bedriftene kan redusere kostnadar ved å nytte felles støttefunksjonar som kantine og IT-relaterte tenester, seier Johansen.

Verksemdene i den planlagde industriparken vil ikkje minst få tilgang til ekstra lagerkapasitet og kai med løftekapasitet. Verksemdene vil også kome tettare på den etablerte kundebasen til Westcon og dei kan redusere kostnadar ved å nytte same utstyr, verktøy og maskinar.