Hopp til innhold

Hadde ekstreme tryggleikstiltak kring den trippeldrapssikta – no skal dei vurderast på nytt

Tryggleikstiltaka kring den tiltalte etter trippeldrapet i Årdal var ekstreme. Likevel klarte asylsøkjaren i 30-åra å stikke av under ein behandlingssamtale i fengselet.

Bergen fengsel

HOPPA: Den tiltalte etter trippeldrapet på Valdresekspressen i fjor haust hadde ekstreme tryggleikstiltak kring seg. Likevel stakk han av og hoppa frå eit tak.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Den trippeldraptiltalte mannen frå Sør Sudan ligg no skadd på sjukehus etter at han hoppa frå eit tak i Bergen fengsel.

Leif Waage i Kriminalomsorgen Vest vedgår at tryggleiken ikkje var god nok når slikt kunne skje.

– Men han har eit ekstremt tryggleiksopplegg kring seg, som har fungert godt, seier han.

Ikkje første gong

Leif Waage

VURDERER: Leif Waage i Kriminalomsorgen Vest seier dei vil sjå på tryggleikstiltaka på nytt.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK / NRK

Mannen i 30-åra er tiltalt for å ha drepe tre personar om bord på Valdresekspressen i byrjinga av november i fjor. Mannen er tiltalt for overlagt trippeldrap og har etter drapa vore innlagt på psykiatrisk klinikk. Han sat no i Bergen fengsel.

Under behandlingssamtalen med to psykologar og tre betjentar, stakk han av og hoppa tre-fire meter ned frå eit tak. Waage seier mannen også tidlegare har gjort liknande.

– Vi har vore budde på impulsiv utagering, eksplosivitet og raskheit, og vi har også oppfatta at vi har hatt ein svært sjuk mann føre oss, seier Waage.

For å hjelpe

– Samstundes skal også tryggleiken trygge han, og hjelpe han til å få eit betre funksjonsnivå slik at han kan forklare seg om det som skjedde i situasjonen han er tiltalt for, legg Waage til.

Fredrik Verling utenfor Sandviken

FORSVARAR: Fredrik Verling.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Advokaten til mannen, Fredrik Verling, vil ikkje kommentere tryggleikstiltaka kring den tiltalte før han har fått snakka med sin klient og fått klarlagt kva som skjedde.

Vurderer tiltaka

– Eg er kjend med at det har vore ei fallulukke, og at han er skadd. Men noko meir enn det kan eg ikkje få ut av dette før eg mellom anna har fått snakka med klienten om det og fått vite litt meir om kva som skjedde, seier Verling.

Waage seier at Kriminalomsorgen Vest no vil vurdere tryggleikstiltaka kring den tiltalte.

– Vi må sjølvsagt heile tida gå igjennom slike episodar, og sjå om det er læringspunkt og ting vi kan forbetre, seier han.