Måløy Verft i Skavøypoll - Foto: Ottar Starheim / NRK
Foto: Ottar Starheim / NRK

Vurderer sal av Måløy Verft

Åge Sætremyr i Måløy Verft treng investeringsmidlar og vil selje deler av verftet for å få dei. Om det blir nødvendig sel han seg heilt ut.

- Hovudsaka er at me vil ha investorar. Me treng i overkant av 10 millionar kroner for å gjennomføre planane våre om ein ny hall, og det har ikkje eg musklar til å klare åleine. Om det må eit sal til er det fullt mogleg. Det viktigaste er at verftet utviklar seg vidare, seier Åge Sætremyr som i dag eig heile eigedomsselskapet til verftet, samt 90 prosent av driftsselskapet.

Verdiar i anlegg

Finansavisen skriv laurdag at han er villig til å selje seg betydeleg ned, då først og fremst i eigedomsselskapet.

- Det er der verdiane ligg. Driftsselskapet er nok ikkje så interessant for investorane, seier Sætremyr.

Verftet som ligg ved skipsleia i Skavøypollen rett sør for Måløy, har 120 meter djupvasskai og driv med både reparasjonar, ombyggingar og produksjon av nye skip. I dei siste åra har dei spesialisert seg på katamaranar til service og forsyningar i vindkraftindustrien til havs.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vindmøllebåten - VINDMØLLEMBÅT: Dette er ein av vindmøllebåtane Måløy Verft produserte i 2010. - Foto: Bjarne Eldevik /

VINDMØLLEMBÅT: Dette er ein av vindmøllebåtane Måløy Verft produserte i 2010.

Foto: Bjarne Eldevik

Opptur med vindkraft

- Det er ein lovande bransje og utviklinga innan vindkraft kan virke som ein miniatyr av det me såg i starten av oljealderen. Akkurat no går det så det susar og vi skal levere ein vindmøllebåt til eit tysk konsern den 30 oktober, seier Sætremyr om bestillinga på 68,5 millionar kroner.

Selskapet leverer gode rekneskapstal. Dei omsette for 52,5 millionar kroner i 2010, ei auke på 17,9 millionar året før. Likevel varslar 61 år gamle Sætremyr at han før eller seinare kjem til å selja seg heilt ut.

Ingen overtek

- Eg har ingen som overtek etter meg. Så eg skal heilt ut før eller seinare, men eg vil no ha arbeid nokre år til. No dreiar det seg om å skaffe pengar til å få sett opp den nye hallen, samt utvikle eit meir profesjonelt salsapparat.

- Om det er eit sal som skal til for å skaffe dei pengane, så er eg open for det, seier eigaren.

Utvidinga han snakkar om er ein ny hall som skal vere 70 meter lang og 22 meter brei, slik at dei kan produsere fleire einingar samtidig. Den er kostnadsrekna til ti millionar kroner.

Verdt meir enn 25 mill

Ein tre år gamal takst verdset Måløy Verft til 25 millionar kroner, og bedrifta har investert ytterlegare etter det. Sætremyr er budd på å selje seg ned til 50 prosent i eigedomsselskapet om det er det som skal til.

Han er førebels ikkje i dialog med konkrete kjøparar eller investorar, men er opptekne av at dei som ein dag skal kjøpe han heilt ut må drive selskapet sjølve.

- Eg meiner den som eig må drive og. Ein reint finansiell eigar blir feil i mine øyrer, seier Sætremyr.

Måløy Verft er i dag arbeidsgjevar til 20 personar.

Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.
Her kan du sjå den TV-sendinga der Årets kulturidé 2013 blei kåra.
Slik er køyreturen gjennom tunnelen som blei opna i dag.