Hopp til innhold

Vegtrafikksentralen blir nedringt etter aprilspøk

Vegtrafikksentralen i Hordaland blir nedringd av reisande etter aprilspøken til Sogn Avis. – Eg tykkjer dette er ein dårleg aprilspøk, seier vaktoperatør Eli Solberg.

Sogn Avis sin aprilspøk

APRILSPØK: Denne aprilspøken er det mange som har gått på. Til Vegtrafikksentralen sin store irritasjon.

Foto: Skjermdump / Sogn Avis

Sogn Avis sin aprilspøk er det mange som har gått på.

I nettsaka «Bommen går ned klokka 12» varslar avisa ventilasjonssystemet i Amlatunnelen skal oppgraderast denne veka – og at den vil vere stengd i fleire dagar i strekk.

– Folk har ringt i heile dag. Sidan eg har kom på jobb klokka 19 har eg hatt fem telefonar på 25 minuttar, seier vaktoperatør Eli Solberg.

– Spøken er innanfor

Det har onsdag vore stor trafikk og fleire hendingar på vegane. Solberg seier det då passar svært dårleg med unødige telefonar.

– På ein utfartsdag har vi det travelt, og då passar det dårleg med unødig uroa folk som lurer på omkøyringsmoglegheiter. Vi tykkjer ikkje mykje om dette, seier Solberg.

Jan Inge Fardal

FORSVARAR: Redaktør Jan Inge Fardal meiner aprilspøken er innanfor det akseptable.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Redaktør Jan Inge Fardal i Sogn Avis er bortreist på ferie, og var med på å godkjenne spøken. Han er usikker på om spøken har vore avtalt med Vegtrafikksentralen, men meiner spøken er «innanfor».

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen seier han ville visst om det dersom spøken var avtalt. Utover det vil han ikkje kommentere saka.

– Det beste beviset på ein god spøk, er at mange går på den, seier Fardal.

Burde teke kontakt

Redaktøren kjenner ikkje til om Vegtrafikksentralen har kontakta redaksjonen om aprilspøken.

Om problemet har vore så stort som VTS i Bergen seier, så orsakar han det.

– Dersom dei har hatt så mange telefonar, så stussar eg over at dei ikkje har teke kontakt med oss slik at vi får endra nettsaka, seier han og viser til at det nedst i saka står ei lenkje «Hald deg oppdatert her».

Etter at NRK var i kontakt med Sogn Avis vart tittelen i saka endra til «Dette var aprilspøken»

Skjermdump frå Sogn Avis si oppklaring

AVKLARING: For dei som les heile artikkelen og klikkar seg inn på lenka, blir det raskt klart at saka er ein aprilspøk.

Foto: Skjermdump / Sogn Avis

Når ein klikkar på denne blir det klart at nettsaka er ein aprilspøk.

– Trur du alle lesarane les heile nettsaka?

– Nei, eg kan vere samd i at lenka burde vore høgare oppe. Men spøken står eg inne for. Eg tykte det var ein god spøk.

Publiseringsdatoen er 1. april, men datoane i saka viser at saka var oppdatert i 23-tida 31. mars. Altså dagen før. Dette kan ha forvirra lesarane.

– Amlatunnelen er ikkje stengd heile påska, slår Solberg fast.