Hopp til innhold

Bilbergar oppmodar vogntog om å ta på kjetting

Eit vogntog fekk problem på snøføret over Utvikfjellet i dag, og vart ei stund ståande fast når han skulle frå Utvik mot Byrkjelo på riksveg 60.

Vogngtog i trøbbel

SNØ SKAPAR PROBLEM: Årets første snøfall skapar allereie trøbbel på vegane.

Foto: NRK-tipsar

– Vogntog som skal over Utvikfjellet må ha kjetting på, oppmodar bilbergar hjå Viking Byrkjelo, Oddvar Nyland.

Han seier at vogntoget som i 9-tida stod fast på vegen over Utvikfjellet, kom seg laus sjølv etter å ha tatt på kjettingar. Nyland seier at det på grunn av stengde vegar rundt om er meir trafikk på Utvikfjellet.

– Etter raset i Skredestranda er Utvikfjelelt omkøyringsveg, og det er fleire større køyrety der i dag. Det er difor viktig at dei skor seg riktig, slik at det ikkje blir fleire problem, seier Nyland.

Med årets første snøfall kjem også dei første meldingane om problem på vegane. Rett over klokka 09 fekk NRK tips om at eit vogntog hadde fått problem på veg frå Utvik til Byrkjelo.

I følgje tipsar skal det vere passering for mindre køyretøy på staden.

Fleire større køyrety ventar på å kome seg opp Utvikfjellet.

VENTAR PÅ TUR: Større køyretøy ventar på å kunne passere køyretøyet som har fått problem på veg opp Utvikfjellet.

Foto: NRK-tipsar

Også på fylkesveg 57 mellom Storehaug og Bygstad i Gaular har eit utanlandsk vogntog sett seg fast, noko som gjer at vegen er stengt på staden.

– Det er uklart kor tid vegen opnar. Sjølv om det har kome ein del snø i dag rundt om i fylket, så er det elles ikkje meldt om glatt føre, seier Arne Stadheim hjå Vegtrafikksentralen.