Hopp til innhold

Rosar yrkessjåføren for rask handling i tunnelbrannen

Vogntogsjåfør Tore Myrestrand får skryt frå fleire hald for måten han handterte dramatikken i Skatestraumtunnelen. – Han berga mange liv i dag, seier fylkesleiar Rolf Olav Tenden i Norges Lastebileigarforbund.

Rolf Olav Tenden

STJERNEEKSEMPEL: Fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund, Rolf Olav Tenden, er stolt på næringa sine vegne over måten Tore Myrestrand handterte situasjonen i Skatestraumtunnelen. – Dette må vere eit stjerneeksempel når ser kor godt det har gått, seier han.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Vogntoget var på veg frå Måløy til Florø med bensin, då hengaren med 16 500 liter losna, trilla i tunnelveggen og seinare eksploderte .

Sekund før varsla førar Tore Myrestrand varsla naudetatane og stogga trafikken på veg inn i 1,9 kilometer lange Skatestraumtunnelen. Han var framleis i tunnelen under den første eksplosjonen.

– Eg er imponert over kor raskt han handterte dette. Ikkje berre det, men at han sleppte køen forbi seg før han gjekk inn i tunnel viser at han er føre var, seier Rolf Olav Tenden i Norges Lastebileigarforbund.

– Berga mange liv

Tore Myrestrand

ERFAREN: Tore Myrestrand får skryt frå fleire hald for måten han handterte dramatikken på.

Foto: Bilete frå Facebook

Seks personar vart sendt til sjukehus, av desse tre personar med lettare skader. Ni personar på begge sider av tunnelen vart evakuerte.

Tenden meiner Myrestrand skal ha ein stor del av æra for at det ikkje gjekk verre.

– Absolutt. Spesielt at han sleppte forbi ferjekøen før han byrja inn i tunnelen med fullt bensinlass. Det berga mange liv i dag. Hadde det vore tre-fire-fem personbilar bak, så hadde dette vore ei kjempeulukke, seier han.

God og rask innsats

– Det er eit godt eksempel for korleis ein yrkessjåfør skal opptre på vegen. Eg kan berre skryte av han. Dette var veldig godt jobba, legg Tenden til.

Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid, Sogn og Fjordane

ROSAR: Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid rosar alle for innsatsen som vart lagt ned for å avgrense følgjene av brannen i Skatestraumtunnelen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Assisterande fylkesmann Gunnar Hæreid stiller seg bak rosen og adresserer den også til redningsmannskap og privatpersonar.

Det same gjer også varaordførar Nina Grotle i Bremanger og ekteparet Carla og Quirinus Adrichem som Myrestrand jaga ut av tunnelen.

– Det er tydeleg at nokre har gjort ein god og rask innsats på staden. Som han sjåføren. Han hadde hovudet på rett plass, seier Hæreid.

Quirinus Adrichem filma desse snuttane etter eksplosjonane i Skatestraumtunnelen.

SJÅ VIDEO: Kraftig røyk velta ut frå Skatestraumtunnelen.

Gudvangen friskt i minne

Hæreid seier ein har brannen i Gudvangatunnelen friskt i minne. Då vart kring 70 menneske sendt til sjukehus etter at eit utanlandsk vogntog byrja å brenne midt i den 11,5 kilometer lange tunnelen.

Han seier ulukker i tunnelar er noko som etatane med beredskapsansvar er veldig obs på.

– Ein blir fanga i tunnelen, og lufttrykket og eksplosjonstrykket har berre to vegar å gå. Er du nær nok eksplosjonen, så kan ein omkomme. Her skjedde eksplosjonane rett etter at folk hadde kome seg ut, seier han.

Røyk siver ut av Skatestraumtunnelen og brannmannskap og politi frykter den skal kollapse.

SJÅ VIDEO: Slik såg ulukkesstaden ut frå lufta.

Aldri høyrt om liknande

Det er førebels uvisst kvifor hengaren losna i Skatestraumtunnelen. Dagleg leiar i Måløy Havneservice, som eig vogntoget, seier hengaren nyleg var til kontroll.

– Gjennom mi 40 år lange historie i bransjen har eg aldri vore borti eller høyrt liknande historie. Det er veldig spesielt, seier Tenden.