Hopp til innhold

Ein person stadfesta omkomen

Ein person er stadfesta omkomen etter at eit vogntog har køyrt av vegen på E16 ved Kvitt i Aurland. Vegen er igjen stengd og er ikkje venta opna før tidlegast klokka 10.

Trafikkulukke i Aurland

UTFOR VEGEN: Vogntoget ligg i skråningen ned mot fjorden.

Foto: Arne Veum

Trafikkulukke i Aurland

EIN PERSON OMKOM: Eit vogntog har køyrt av vegen ved Kvitt mellom Aurland og Flåm.

Foto: Arne Veum

E16 er stengd ved Kvitt mellom Aurland og Flåm på grunn av ei trafikkulykke. Eit vogntog har køyrt av vegen og gjennom autovernet. Det seier operasjonsleiar Espen Gulliksen hos politiet.

– Vi har fått stadfesta at det var ein person i køyretøyet og at personen er omkomen.

Politiet har ingen opplysningar om at andre personar skal vere involverte i ulukka.

Førebels kan ikkje politiet seie noko om forholda rundt ulukka. Det kommunale kriseteamet er varsla og det vert jobba med å få varsla pårørande, opplyser politiet.

– Det er for tidleg å seie noko om. Vi held på med undersøkingar på staden, seier Gulliksen.

NRK sin reporter på staden opplyser at det blir jobba med å få frakta den omkomne vekk frå ulukkesstaden. Det er lange køar på ulukkesstaden.

Ulukke i Aurland

LANGE KØAR: Det er kø på ulukkesstaden ved Kvitt i Aurland.

Foto: Arne Veum