Hopp til innhold

Eit vogntog ligg i grøfta etter kvelv på E39

Ein betongbil har kvelva på E39 mellom Reed og Byrkjelo.

Lastebil i grøfta

KVELVA: Vogntoget ligg med alle hjula opp i lufta etter at det køyrde av vegen.

Foto: Marianne Ryssdal Sæther

Vogntoget er lasta med 30 tonn ublanda sement og ligg på sida utfor vegen.

– Det var ein mann i bilen, men han sat ikkje fast, opplyser Kjetil Drange på politiet sin operasjonssentral.

Føraren er no køyrt med ambulanse til sjukehus i Førde for observasjon, men skadeomfanget er førebels ukjent.

Trafikantar skal førebels kunne kome lett forbi staden.

– Bilen ligg utfor vegen så per no er det ikkje dei store problema med å kome seg forbi. Om bilberging kjem på staden kan det vere aktuelt å stengje ein kort periode, seier Drange.

Vogntoget ligg i grøfta rett etter ein skarp sving etter Byrkjelo sentrum i retning Sandane. Det har ikkje kome opplysningar om at skal vere utslipp frå køyretøyet.

Det skal ikkje vere mistanke om promille, opplyser politiet. Årsaka til hendinga er ukjend.