Hopp til innhold

Kulturmelding: Voggevise for vaksne

Fem år etter debut-cd-en «Home» har Lena Skjerdal kome med ein ny plate; Mjuke vek. Tittelen og tittelsporet har ho henta frå ei strofe i Den fyrste song av Per Sivle. Dei mjuke vek til hjarta gjekk. Dei kunne gråten stogga.

Lena Skjerdal

VOGGEVISE FOR VAKSNE: Artisten Lena Skjerdal har si eiga stemme og sin eigen stil, slår kulturmeldar Marit Bendz fast.

Foto: PRESSEFOTO NORCD

Platemelding av Marit Bendz

«Vek» betyr ein slått med eige tematisk innhald, ei strofe som bryt med resten, gjerne nonverbalt. Nettopp slik bryt Lena Skjerdal også med «resten», ho har si eiga stemme og sin eigen stil.

Musikarane Karl Seglem, Terje Isungset og Ole Marius Halvorsen gjev plata eit stemningsfullt lydbilete. Mange av spora startar i den tradisjonelle folkemusikken og går over i jazzen, det er fint å høyre korleis dei to sjangrane glir over i kvarandre, og ikkje minst kor godt nynorsk eignar seg til fleire sjangrar. Vi har ikkje for mange kvinnestemmer i nynorsk jazz.

Kommunikasjon med barn

I tittelsporet Mjuke vek og dei andre voggesongane legg Skjerdal sjela si, vokalen er sterk og klar, men også var og full av kjensler. Samstundes leikar ho seg med fleire stemmer og vi anar ein litt råare versjon av Lena Skjerdal. I Den fyrste song, som avsluttar cd-en, er det røysta hennar som ber heile lydbiletet. Etter kvart listar saksofonen til Seglem seg forsiktig inn, vokal og instrument går i eitt, i både i harmoni og disharmoni.

Police-låten Te i Sahara, omsett til norsk av Skjerdal, er i seg sjølv eit lite vek og bryt med det folkemusiske. Police-versjonen er langt frå akustisk, Skjerdal og musikarane har verkeleg gjort denne Sting-låten til si eiga.

Mjuke vek inneheld åtte songar, nokre er tradisjonelle, andre har Skjerdal skrive sjølv, men alle arrangementa er nye. Plata er gjennomført akustisk. Det gjennomgåande temaet er kommunikasjonen mellom mor og barn, nett slik Sivle skildrar i Den fyrste song.

Mange av melodiane har opne parti, der stjernelaget av musikarar improviserer, leikar seg, kvar for seg og saman. Med så garva musikarar må det berre bli levande og bra.

Sterk, varm røyst

Varemerket til vokalisten Lena Skjerdal er den mørke, varme røysta. På denne cd-en tek ho i bruk ein større del av stemmeregisteret sitt, noko ho klarer utmerka. Men sjølv om alt stemmer; det er både intenst og kjenslevart, er det som om noko av særpreget til Skjerdal forsvinn i dei høge tonane.

Det eg saknar mest med Mjuke vek er eit teksthefte.

Du bør ha ei kjensle for både jazz og folkemusikk om du skal bli glad i denne plata.
Mjuke vek er ikkje ei danseplate, dette er heller ikkje songar som gjev deg ekstra energi til å vaske huset.

Det er heller musikk å senke skuldrene til, med levande lys og ein kopp te med honning eller eit glas vin på mørke vinterkveldar.

Mjuke vek

Lena Skjerdal: Vokal

Ole Marius Sandberg: Bass

Karl Seglem: Tenorsaksofon og bukkehorn

Terje Isungset: Trommer og perkusjon

Erik Håkon Halvorsen: Piano