Hopp til innhold

Viste seniorane sterk motstand i NM

Fylket sin beste skiskyttar måtte stå over på grunn av sjukdom, men då viste juniorane kva dei er laga av.

Johannes Thinges Bø, Håvard Gutubø Bogetveit, Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Melan

STERK PLASSERING: Johannes Thinges Bø, Håvard Gutubø Bogetveit, Jarle Midthjell Gjørven og ankermann Johan Eirik Meland imponerte i konkurranse med mange seniorløparar.

Foto: Team Statkraft Nordfjord

Med veslebror Bø i spissen stilte Sogn og Fjordane med eit reint juniorlag under NM-stafetten søndag.

Tarjei Bø skulle eigentleg leie an, men etter at han vart sjuk var det den yngre garde som måtte klare seg på eiga hand. Og det gjorde dei med glans.

På laget gjekk Johannes Thinges Bø, Håvard Gutubø Bogetveit, Jarle Midthjell Gjørven og ankermann Johan Eirik Meland. Både Midthjell Gjørven og Meland skaut feilfritt, medan Gutubø Bogetveit skaut ein bom og veslebror Bø to.

Alle hadde farten med seg i sporet og imponerte til slutt stort med ein 7. plass. Det vitnar om ein sterk prestasjon. Det var 26 lag som deltok på stafetten. Aller best var Oslo & Akershus, Sogn og Fjordane sitt lag kom i mål 1 minutt og 38,9 sekund etterpå.

Johannes Thingnes Bø var berre sekund frå å ta bronse under fellesstarten på laurdag.