Hopp til innhold

Vindkraftrettane kan bli selt ut av landet

Det kan bli utanlandske selskap som byggjer ut vindkraftrettane i Sogn og Fjordane.

Vindkraft

KAN BLI SELT UT AV LANDET: Lokale kraftselskap manglar musklar, no kan utlendingar kjøpe rettane her i fykjet. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Vestavind kraft på Sandane kan kome til å selje vindkraftrettane sine ut av landet. Selskapet har gitt opp tanken om å drive vindkraftanlegga på eiga hand, og heller ikkje lokale kraftselskap har dei økonomiske kreftene som trengst.

Strategien no er å utvikle vindkraftprosjekta, for så å selje rettane vidare. Vestavind kraft har konsesjonar på Lutelandet i Fjaler, Okla i Selje, Hennøy i Bremanger og på Haram på Sunnmøre.

– Det er store beløp som skal til for å realisere prosjekta. Mange hundre millionar kroner, kanskje milliardar. Eigarane vi har hatt til no har ikkje den same løfteevna dei hadde for ti år sidan, seier administrerande direktør Stig Svalheim.

Slik har ting endra seg

Ein allianse av åtte selskap på Vestlandet starta Vestavind Kraft. Målet var å utvikle vindkrafta i Sogn og Fjordane for at verdiane av naturressursen skulle ende opp i lokale hender.

Men no er føremålet med selskapet endra, frå å utvikle og drive vindparkar skal dei no utvikle prosjekta og selje dei vidare.

Stig Svalheim i Vestavind kraft

RINGVERKNADER: Stig Svalheim i Vestavind kraft trur utanlandske selskap kan ha endå større grunn til å bruke lokal arbeidskraft, enn nasjonale investorar.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Svalheim leitar no etter investorar som vil kjøpe rettane.

– Det kan godt bli ein utanlandsk investor som kjem inn. Spesielt i Europa er det låge renter, og dei ser etter alternative investeringsmoglegheiter i det vi kan kalle ein trygg norsk kraftmarknad.

I fjor ønskte fleire av eigarane av Vestavind kraft å kutte ut vindsatsinga og ville ut av selskapet. Dei tre eigarane som no er att er SFE, Tafjord og Sognekraft. Men heller ikkje dei vil byggje vindmøllene, i alle fall ikkje slik straumprisane er no. Derfor kjem det fram i verksemda sin siste årsrapport at Vestavind kraft skal utvikle vindkraftprosjekt for sal, samt drive konsulentverksemd i å utvikle og drifte anlegga.

Vil unngå utflagging

Johannes Idsø

KRITISK: Fyrstelektor og samfunnsøkonom ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Johannes Idsø.

Foto: Høgskulen i Sogn og Fjordane

Ein som er kritisk til at utlendingar kan handle retten til å bygge ut vindkrafta er fyrstelektor og samfunnsøkonom ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Johannes Idsø.

– Eg meiner vi står føre same situasjon som på starten av 1900-talet, då ein frykta utlendingane skulle ta hand om norske fossar. Då lagde ein lover om heimfallsrettar. Noko liknande burde vi kanskje ha også no for å hindre utflagging, seier han.

– Med kontraktar som forsvinn til utlandet, vil også kontantstraumen kraftverka genererer gå til utlandet i all framtid.

Trur dei vil bruke lokal arbeidskraft

Svalheim seier fleire store verksemder i fylket har utanlandske eigarar, og er ikkje uroa for manglande ringverknader.

– Kanskje tvert om. Eg trur utanlandske selskap vil ha større grunn til å bruke lokalt personell enn nasjonale investorar med hovudkontor i andre norske byar.