Hopp til innhold

Ville kutte gratisavis i Årdal

Redaksjonen tolte ikkje kritikk frå ein lesar i Årdal, men ombestemte seg etter å ha fått ros frå fleire årdøler.

Øvre Årdal sentrum
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Den fylkesdekkande gratisavisa Fylkesmagasinet mottok éin misnøgd epost frå Årdal etter førre utgåve.

I utgåva som kom onsdag kunngjorde aviseigar Tore Fossen at dei sluttar å sende avisa til Årdal.

Fekk sint epost

Fylkesmagasinet hadde to store artiklar om Årdal i førre utgåve, ein seriøs artikkel om omstillingsarbeidet i kommunen og ein tulleartikkel der Fossen og ein kollega skreiv om turen frå Førde til Årdal og alt det dumme dei gjorde undervegs. Dei skreiv blant ann at dei køyrde til fjells med sommardekk og forveksla Øvre Årdal med Årdalstangen.

Kort tid etter fekk dei følgjande epost frå Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling.

"Eg har lese artikkelen om Årdal i Fylkesmagasinet for november. Konklusjonen min er vel at eg håpar det er siste gong de skriv om Årdal i dette magasinet."

Treng ei venleg tilbakemelding

- Viss han er representativ for resten av innbyggjarane i Årdal, er det ikkje noko vits for oss å gje ut avisa i Årdal, seier Tore Fossen.

I den ferskaste utgåva av Fylkesmagasinet kom svaret. Frå og med neste utgåve sender dei ikkje ut dei 2 456 avisene som vanlegvis går til Årdal. Ei avgjerd som var lett å ta etter som den annonsefinansierte avisa så langt i år berre har hatt ein annonsør frå derifrå.

Laberg har ikkje vore tilgjengeleg på telefon i dag, men Fossen trøystar dei årdølene som eventuelt måtte sakne Fylkesmagasinet med at det ikkje trengst meir enn ei positiv tilbakemelding frå kven som helst i Årdal for å rette opp forholdet.

- Men viss vi ikkje får nokon, bommar vi med distribusjonen i Årdal, seier han.

Årdølene får avisa

Og dei positive tilbakemeldingane kom, både på e-post til Fossen og i artikkelkommentarar her på nettsida til NRK Sogn og Fjordane. Dermed kan årdølene belage seg på å få fylkesmagasinet i postkassa si også i framtida.