Hopp til innhold

Lokale redningsdykkarar kunne vore på plass etter 30 minutt - i går gjekk det to timar

Dersom dei frivillege redningsdykkarane i Førde hadde hatt ein beredskap finansiert av fylket eller kommunen, kunne dei vore langt raskare på plass på ein ulukkesstad, meiner redningsykkarane. – I staden for to timar kunne vi vore der på 30 minutt, seier Kirketeig.

Redningsdykkarar frå Førde deltek også i søket

FRIVILLIGE REDNINGDYKKARAR: Dersom dei frivillige redningdsykkarane hadde vore i fast beredskap kunne dei redusert utrykningstida betydeleg. I går tok det to timar til ulukkesstaden ved Balestrand, dei meiner dei kunne vore der på 30 minutt.

Foto: Bjarne Eldevik

Reidar Kirketeig er med i den frivillige redningsgruppa i Førde Røde Kors. Dei vert tilkalla ved behov og rykkjer ut så sant dei kan. I går hadde dei ingen på vakt. Dermed tok det svært lang tid før redningsdykkarar kom til ulukkesstaden der ei ung kvinne omkom på fylkesveg 55 ved Balestrand.

– Det er sånn vi ser det for lang tid, seier han. Ut frå tidlegare erfaringar med den beredskapen vi har klart å ha, sjølv om vi er frivillige, så kunne vi klart å vere framme mykje tidlegare, seier Kirketeig.

– Ut frå det gode samarbeidet vi har med luftambulansen i Førde, så kan vere på plass på basen på 7 – 8 minutt, så kjem flygetida i tillegg. I dette tilfellet godt under halvtimen på ulukkesplassen, seier han.

Får støtte frå AMK-Førde

Det er ønskjeleg med kort tid, seier avdelingsleiar ved AMK-Førde, Helene Sæterdal på spørsmål om ho meiner to timar er for lang tid til ei ulukke. Ho seier at dersom redningsdykkarane hadde vore plassert i Førde og på vakt, ville det gått raskare å komme på plass med redningsdykkarar.

– Då ville redningsykkarane ha kunne ha vore på ulukkesstaden i går i Balestrand på under halvtimen.

I Sogn og Fjordane er det i første omgang AMK som har ansvar for å kalle ut dei frivillige redningsdykkarane. Ettersom redningsdykkarane i Førde er organiserte frivilleg gjennom Røde Kors, kan dei ikkje forvente at dei alltid kan stille til oppdrag dei vert kalla ut på.

(Saka held fram under biletet)

Redningsdykkarar frå Førde deltek også i søket

KORTARE TID: Lokal beredskap vil redusere utrykkingstida for redningsdykkarane betydeleg.

Foto: Bjarne Eldevik

Dersom dei ikkje stille på ei utkalling, vert redningsdykkarar tilkalla frå Ålesund eller Bergen.

Ålesundhelikopter måtte snu

I går la eit ambulansehelikopter ut frå Ålesund med redningsdykkarar, men måtte snu på grunn av dårleg vêr.

Redningshelikopteret i Florø var i går på oppdrag i Bergen og måtte gjere seg ferdig med oppdraget før dei kunne ta med seg tre redningsdykkarar tilbake til Balestrand.

Vil vere ein del av fast beredskap

Dei frivillige redningsdykkarane i Førde har sidan 1997 prøvde å få nokon til å ta ansvar for beredskapen deira.

– Vi har prøvd fleire instansar. Men ikkje lukkast. Vi har bygd opp tenesta ved hjelp av innsamla midlar, sponsarar og frivillig innsats. Vi har utstyret og kompetansen på plass. Men vi har ikkje fått til ei fast ordning, slik vi kan vere i fast beredskap.

Dykkarane har lenge håpa på at nokon skulle ta tak i problemet slik at dei kan konsentrere seg om å drive redningsdykkarberedskap. Kirketeig meiner det går for mykje tid til byråkrati.

– Vi håpte rett og slett at nokon sa at det her tar vi ansvar for og at vi tar dykk inn i eit system i likt andre som driv beredskap.

– Brannvesenet er for oss ein naturleg samarbeidspartnar, som i resten av landet. Ikkje berre i Førde, men ein samla beredskap som dekker alt område som Ålesund og Bergen ikkje dekkjer til vanleg.